Gus-Khrustalnyj (russisk Гусь-Хруста́льный) er ein by i Vladimir oblast i Russland med om lag 50 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Gus, ei sideelv til Oka, rundt 63 km sør for Vladimir.
Bynamnet tyder noko liknande «krystallgås», sidan byen er kjent som eit av dei eldste sentra for glasindustri i Russland og han ligg ved elva Gus (tyder 'gås'). Det er likevel gode grunnar for å tru at namnet ikkje er avleidd direkte frå gås, men snarare frå det felles slaviske uttrykket «gås» (på dei respektive språka) for ein stor (opp til ti liter eller meir) flaske.
Gus-Khrustalnij vart grunnlagt i 1756 i samband med bygginga av ein krystallfabrikk. Han fekk bystatus i 1931.
Byen er ein del av Den gylne sirkelen i Russland.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gus-Khrustalnyj» frå , den 17. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1756 Kategori:Den gylne sirkelen i Russland