Polevskoj (russisk Полевской) er ein by i Sverdlovsk oblast i Russland med om lag 55 000 innbyggjarar. Byen ligg rundt 50 km sørvest for Jekaterinburg.

Historie Byen vart grunnlagt i 1718 som ein busetnad ved kopargruver. Den første gruva vart opna i 1702 og den kommersielle utbygginga starta i 1718. I 1724–1727 vart det bygt ein fabrikk for å handsame koparen.

Dagens by omfattar områda til dei tidlegare busetnadane Gumesjki, Polevskoj og Severskij.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Polevskoj» frå , den 17. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1718