Hagevatnartåka (teknisk nemning: Henize 3-1475) er ei planetarisk tåka som ligg rundt 18.000 lysår unna jorda i stjernebiletet Skytten. Tåka er spesiell ved S-forma ho har, som kjem av jetstrålar. Desse kan ha snøggleikar på opp mot fire millionar kilometer i timen, og er med det mellom dei raskaste oppdaga. Sentralstjerna har ein masse tre til fem gonger sola sin, og ein luminositet meir enn 12.000 gonger større.

Kjelder Denne artikkelen baserer seg på biletsleppet «The mysterious 'Garden-sprinkler' nebula» frå den 22. mai 2003 frå det europeiske informasjonssenteret for Hubble.

Kategori:Planetariske tåker Kategori:Skytten