mini|Modell av Louisbourg i 1758. Festninga Louisbourg (fransk Forteresse de Louisbourg, engelsk Fortress of Louisbourg) er ein nasjonalhistorisk stad i Canada og ei delvis rekonstruert fransk festning ved Louisbourg på Nova Scotia frå 1700-talet.

Den franske busetnaden på Île Royale (i dag Cape Breton Island) kan sporast tilbake til tidleg på 1600-talet. Franskmennene oppretta ein marinebase her, heilt søraust på øya, tidleg på 1700-talet. Dette var ein av dei få stadane på øya som var isfrie om vinteren. I 1719 starta Frankrike å byggje ein festningsby ved denne hamna, og festninga stod ferdig i 1745, akkurat i tide for den første britiske omleiringa. Britane klarte å ta festninga 16. juni 1745, og ein stor fransk styrke leia av Jean-Batiste De Roye de la Rochefoucauld Duc d'Enville vart send året etter for å ta ho tilbake, men vart øydelagd av stormar, sjukdom og åtak frå den britiske marinen før dei i det heile teke kom fram.

Etter Aix-la-Chapelle-traktaten i 1748, som enda den austerrikske arvefølgjekrigen, vart festninga gjeve tilbake til Frankrike i byte for Madras i India, som Frankrike hadde kapra frå Storbritannia.

Under sjuårskrigen, i 1758, vart det franske fortet igjen angripe av britane og 26. juli 1758 måtte franskmennene igjen gje frå seg festninga. Britiske ingeniørar øydela festninga i 1760 for å hindre at franskmennene tok ho i bruk ved seinare høve, og staden vart forlaten etter sjuårskrigen var over.

I dag er festninga ein nasjonalhistorisk stad i Canada.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fortress of Louisbourg» frå , den 28. desember 2008. oppgav desse kjeldene: Louisbourg: From its Foundation to is Fall J.S. McLennan (1918) Endgame A.J.B. Johnson (2008) The Great Fortress : A chronicle of Louisbourg 1720-1760 William Wood Tekstutgåve frå Project Gutenberg Lydbok frå LibriVox The Taking of Louisburg 1745 av Samuel Adams Drake, Lee og Shepard Publishers Boston Mass. USA 1891 (trykt om at av Kessinger Publishing ISBN 978-0-548-62234-6)

Bakgrunnsstoff

Fortress of Louisbourg National Historic Site - Parks Canada Louisbourg Institute

Kategori:Kanadiske slag Kategori:Sjuårskrigen Kategori:Kanadiske festningar Kategori:Museum i Nova Scotia Kategori:Skipingar i 1745