I sjuårskrigen (1756–1763) var alle dei europeiske stormaktene på denne tida med, og mellom 900 000 og 1,4 millionar menneske miste livet. Britane kom med i krigen to år etter han starta og kalla han seinare sjuårskrigen, sjølv om han i røynda varde i ni år. Preussen, Kurfyrstedømet Braunschweig-Lüneburg og Storbritannia (medrekna britiske koloniar i Nord-Amerika, Det britiske Ostindiske kompaniet, og Irland) slost mot Austerrike, Frankrike (medrekna den nordamerikanske kolonien Ny-Frankrike og Det franske Ostindiske kompaniet), Det russiske riket, Sverige og Sachsen. Portugal (på britisk side) og Spania (på fransk side) vart seinare inndregne i konflikten, og ein styrke frå dei nøytrale Sameinte Nederlanda vart påteken i India.

Krigen gjorde ende på stillinga Frankrike hadde som stor kolonimakt i Amerika, og landet miste flest alle områda sine i Nord-Amerika, attåt nokre i Karibia. Det miste òg stoda som største stormakta i Europa, fram til den franske revolusjonen. Samstundes kom Storbritannia fram som den dominerande kolonimakta i verda. Den franske marinen vart kraftig redusert, som gjorde at berre ei kraftig oppbygging saman med Den spanske marinen kunne føre til at Royal Navy atter kunne trugast til sjøs. På andre sida av verda fekk Det britiske Ostindiske kompaniet den sterkaste stillinga i India, som seinare vart «juvelen i Det britiske imperiet». Krigen vart av Winston Churchill skildra som den fyrste «verdskrigen» av di han var den fyrste konflikten i historia som vart utkjempa på heile jorda, endå flest alle statane var europeiske. Som ein delvis engelsk-fransk konflikt var krigen ein av dei viktigaste fasane av den andre hundreårskrigen på 1700-talet.Tombs, Robert og Isabelle. That Sweet Enemy: The French and the British from the Sun King to the Present. London: William Heinemann, 2006. Krigen starta med at Fredrik den store av Preussen invaderte Sachsen.

Andre namn I Canada, Frankrike og Storbritannia vert sjuårskrigen nytta for å skildre den nordamerikanske konflikten, samt europeiske og asiatiske konfliktar. Denne konflikten varde derimot i ti år. I USA vert den nordamerikanske delen av krigen kalla den franske og indianske krigen. Konflikten i India vert stundom kalla den tredje karnatiske krigen, medan kampane mellom Preussen og Austerrike vert kalla den tredje schlesiske krigen.

Årsaker Krigen vert ofte sagt å vere eit framhald av den austerrikske arvefølgjekrigen, der kong Fredrik II av Preussen, kjend som Fredrik den store, hadde hærteke store delar av Schlesien. Keisarinne Maria Teresia av Austerrike hadde skrive under Aix-la-Chapelle-traktaten i 1748 slik at ho kunne få tid til å byggje opp att hæren sin og skape nye alliansar, noko ho greidde med stor suksess. Det politiske kartet over Europa vart teikna på nytt etter nokre år. Under den såkalla diplomatiske revolusjonen i 1756 danna dei gamle fiendane gjennom hundrevis av år, Frankrike, Austerrike og Russland, ein allianse mot Preussen.

Preussen hadde berre stønad frå Storbritannia. Det britiske kongehuset stamma frå Hannover, som britane no meinte var truga av Frankrike. Dei to stormaktene utfylte kvarandre. Britane hadde alt den mektigaste marinen i Europa, medan Preussen hadde den mektigaste hæren på kontinentet, slik at Storbritannia kunne setje dei fleste soldatane sine i koloniane.

Den austerrikske hæren hadde gjennomgått ei overhaling etter det prøyssiske systemet. Maria Teresia, som gjorde mange av generalane sine til skamme med militærkunnskapen sin, hadde pressa på for å få gjennom reformer. Ho naut stor vyrdnad hjå soldatane sine for interessa ho synte i velferda deira.

Den andre årsaka til krigen var striden mellom koloniane til Det britiske imperiet og Det franske koloniimperiet. Etter kvart som koloniane vart større, oppstod det strid om dei nye landområda.

Krigen byrjar Den formelle opninga av krigen i Europa skjedde etter at det hadde vore kampar i Nord-Amerika, der dei britiske koloniane langs austkysten ekspanderte vestover til dei kom i konflikt med franske område i Mississippidalen seint i 1740-åra og tidleg i 1750-åra. For å kome utvidinga av Virginia og Pennsylvania i forkjøpet, bygde franskmennene fleire fort i det som i dag er vestlege område av Pennsylvania i midten av 1750-åra, og freistnader frå britane på å drive dei bort, vert generelt rekna som ein del av den franske og indianske krigen, som sjuårskrigen vert kalla i USA.

Etter å ha fått rapportar om samanstøytane i Nord-Amerika og fått sikra seg støtte frå Storbritannia, gjekk Fredrik over grensa til Sachsen, ein av dei mindre tyske statane i forbund med Austerrike. Dei saksiske og austerrikske armeane var ikkje klar for dette og i slaget ved Lobositz hindra Fredrik den isolerte saksiske armeen frå å verte forsterka av ein austerriksk armé under general grev Browne. Saksarane greidde derimot å seinke felttoget til prøyssarane. I Middelhavet hadde franskmennene opna eit felttog mot britane med eit åtak på Menorca. Britane greidde ikkje å sende inn forsterkingar under slaget ved Menorca, og øya vart teken. For dette vart Admiral Byng stilt for krigsrett og avretta.

Tidleg i 1757 tok Fredrik initiativet att og marsjerte mot Praha. Etter det blodige slaget ved Praha kringsette prøyssarane byen, men måtte gje seg etter Fredriks fyrste nederlag i slaget ved Kolin. Denne sumaren invaderte russarane Aust-Preussen og slo ein mindre prøyssisk styrke i det harde slaget ved Gross-Jägersdorf.

Det såg ikkje bra ut for Preussen på denne tida med austerrikarane som mobiliserte for åtak på prøyssisk-kontrollerte område og ein fransk armé under Soubise som kom inn frå vest. I det som Napoleon seinare kalla «eit meisterverk i manøver og rådsnarleik», knuste Fredrik grundig franskmennene i slaget ved Rossbach og austerrikarane i slaget ved Leuthen på berre éin månad. Med desse store sigrane tedde Fredrik seg endå ein gong som den største generalen i Europa og mennene hans som dei beste soldatane.

Britisk amfibisk krigføring Storbritannia planla eit amfibisk raid på Rochefort, ei samkøyring mellom marinen og hæren for å ta byen og setje skipa på Charente i brann. Toktet starta 8. september 1757 med Sir John Mordaunt som kommandant over troppane og Sir Edward Hawke over flåten. Den 23. september vart Île-d'Aix teken, men på grunn av dårleg handlekraft av militærstaben miste dei høve til å gå til åtak på Rochefort,Julian Corbett, England in the Seven Years' War: A Study in Combined Strategy, 2 Vols., (London, 1918). og toktet forlet Isle d'Aix og vendte tilbake til Storbritannia den 1. oktober.

Endå operasjonen var mislukka, såg jarl Pitt nytten av slike operasjonar og klargjorde liknande tokt. Ein armé vart samla under kommando av Charles Spencer av Marlborough, med Lord George Sackville ved si side. Flåten nytta på toktet vart kommandert av baron Anson, Hawke, og jarl Howe. Armeen gjekk i land 5. juni 1758 ved Cancallebukta, og gjekk vidare til St. Malo, der skipa i hamna vart sette i brann. Franske styrkar kom til og hindra britane i å kringsetja byen, og troppane gjekk om bord att. Eit åtak på Havre de Grace vart avbrote og flåten siglde vidare til Cherbourg, men vêret vart dårleg og dei hadde lite proviant att, så dette åtaket vart òg avbrote. Flåten fór tilbake til Storbritannia att, men hadde greidd å øydeleggje den franske kaperverksemda og vist den nye strategien i praksis langs franskekysten.

Pitt gjorde seg no klar til å sende troppar til Tyskland, og med di både Marlborough og Sackville meinte den nye strategien var fånyttes, vart dei med på dette oppdraget. Den eldre General Bligh vart utpeikt til å kommandere ein ny landgang med flåten kommandert av Howe. Det nye toktet fekk ein god start med støtte frå marinen til å bombardere Cherbourg, medan troppane kunne gå i land uhindra. Armeen dreiv bort dei franske styrkane som skulle stogge landgangen deira, og tok Cherbourg. Her øydela dei festningsverk, hamneanlegg og skip. Troppane gjekk om bord att og flåten flytte dei til St. Lunaire-bukta i Bretagne der dei 3. september gjekk i land for å ta St. Malo igjen. Vêret vart derimot verre og dei to armeane vart skilde frå kvarandre. Skipa siglde til ei tryggare hamn i St. Cast, medan armeen fylgde etter på land. Bligh flutte styrkane sine altfor seint slik at franskmennene greidde å ta dei att med ein styrke på 10 000 mann frå Brest. Franskmennene opna eld og baktroppen på 1400 mann under general Dury heldt franskmennene på fråstand medan resten av armeen gjekk om bord. Baktroppen greidde seg derimot ikkje, og 750 mann, medrekna Dury, miste livet, medan resten vart tekne til fange.

Krigen på kontinentet Fredrik invaderte Austerrike våren 1758, men oppnådde ikkje viktige sigrar. I vest vart franskmennene slått i slaget ved Reichenberg og slaget ved Krefeld av fyrst Ferdinand av Braunschweig.

400px|mini|Militæroperasjonar av den russiske armeen frå polske område under sjuårskrigen 1756–1762. Dei grøne pilene er russarane sine rørsler og dei grøne sirklane er russiske basar I aust gjekk slaget ved Zorndorf i stampe. Her møtte 35 000 prøyssarar under Fredrik ein russisk arme på 43 000 mann under grev Fermor. Russarane trekte seg tilbake frå slagmarka. Slaget ved Tornow den 25. september enda utan avgjersle etter at ein svensk arme slo tilbake seks åtak frå ein prøyssisk arme. Den 14. oktober overraska austerrikarane under marskalk Daun hovudarmeen til prøyssarane i slaget ved Hochkirch. Fredrik mista mykje av artilleriet sitt, men gjorde retrett i god orden med hjelp av det tett skogkledde landskapet.

I 1759 gjekk prøyssarane på fleire store tap. I slaget ved Kay, eller Paltzig, slo den russiske grev Saltykov med 47 000 russarar ein prøyssisk styrke på 26 000 mann kommandert av general von Wedel. Sjølv om hannoveranarane slo ein arme på 60 000 franskmenn ved Minden, tvinga den austerrikske general Daun eit heilt prøyssisk korps på 13 000 mann til å overgje seg i slaget ved Maxen. Fredrik sjølv mista halve armeen sin i slaget ved Kunersdorf, det verste nederlaget i karrieren hans som nesten førte til at han abdiserte og tok livet av seg sjølv. Nederlaget skuldast delvis at han undervurderte russarane, som alt hadde vist styrken sin ved Zorndorf og ved Gross-Jägersdorf.

Franskmennene planla å invadere Dei britiske øyane i løpet av 1759 ved å samle troppar nær munningen av Loire og frakte dei over med flåtane i Brest og Toulon. To nederlag til havs hindra dette. I august vart middelhavsflåten under Jean-François de La Clue-Sabran spreidd av ein større britisk flåte under Edward Boscawen i slaget ved Lagos. I slaget ved Quiberonbukta den 20. november tok den britiske admiral Edward Hawke med 23 linjeskip den franske Brest-flåten med 21 linjeskip under marskalk de Conflans og sokk, borda eller tvinga på grunn mange av dei, slik at franskmennene ikkje kunne gjennomføre planane sine.

I 1760 møtte prøyssarane fleire nederlag. Den prøyssiske general Fouqué vart slått i slaget ved Landeshut. Franskmennene erobra Marburg og svenskane delar av Pommern. Hannoveranarane sigra over franskmennene i slaget ved Warburg, men austerrikarane under general Laudon erobra Glatz i Schlesien. I slaget ved Liegnitz tok Fredrik ein siger trass i at fienden var tre gonger så mange. Russarane under general Saltykov og austerrikarane under general Lacy okkuperte ein kort periode hovudstaden hans, Berlin, i oktober. Mot slutten av året vann Fredrik nok eit slag då han slo Daun i slaget ved Torgau, men han tok imot store tap og austerrikarane klarte å trekke seg tilbake i god orden.

I 1761 kom ein ny nasjon inn i krigen. Spania erklærte krig mot Storbritannia den 4. januar. I slaget ved Villinghausen slo fyrst Ferdinand av Braunschweig ein 92 000 mann stor fransk arme. Russarane under Zakhar Tsjernysjov og Pjotr Rumjantsev storma Kolberg i Pommern, medan austerrikarane erobra Schweidnitz.