thumb|AskAdam var lokalisert på Mjømna AskADAM var ei norsk SMS-teneste for oppslag i Wikipedia og andre lukka og opne innhaldstenester. Om tenesta fekk eit spørsmål innsendt på SMS, ville ho leite etter treff i Wikipedia eller ei anna fritekstbasert teneste, og svare på spørsmålet ved å returnere tekst frå starten av artikkelen, etter at teksten var reformatert og tilpassa SMS-tenesta i mobilnettet. Det var også mogleg å gjere oppslag på personnamn for å få telefonnummer. Tenesta var også lagt tilrette for assisterte søk, slik at om brukarane spurde, og det underliggjande systemet feila, ville det om nødvendig bli skrive inn manuelle svar. Brukarane kunne også registrere kva språk og målform dei føretrekte frå tenesta.

Då tenesta vart introdusert, var ho avgrensa til Wikipedia på bokmål og berre innanfor Noreg.Firda: Big Ben? Ring Adam i Gulen Sidan er tenesta suksessivt blitt utvida, både i tenester og i geografisk dekning. Selskapet som leverte tenesta AskAdam i Noreg, leverte tilsvarande søkjetenester i Sverige (RAKEL) og i Danmark (1998).e-Match: AskAdam AS Namna på tenesta vert tilpassa slik at bokstavane høver med plasseringa av bokstavar på eit telefontastatur.Mobilen.no: Vi spør Adam

Selskapet bak tenesta fekk fleire prisar. NHO Sogn og Fjordane gav selskapet Nyskapingsprisen 2010.NRK Sogn og Fjordane: Får NHO-pris for nyskaping Sogn og Fjordane sin Gründerpris for ungdom gjekk i 2009 til selskapet.Nordhordaland: Gründerpris til Ask AdamNRK Sogn og Fjordane: Fekk gründer-pris for SMS-teneste

Askadam var etablert som eit aksjeselskap og heldt til på Mjømna i Gulen kommune. Tenesta vart i sin heilskap nedlagd 1. oktober 2016.AskADAMs heimeside, som vist 8. november 2016 (arkivert side). Henta 8. november 2016.

Kjelder

Kategori:Norske IT-selskap Kategori:Mobiltelefoni Kategori:Wikipedia Kategori:Næringsliv i Gulen