Hillel eller Hillél er eit hebraisk personnamn som mange jødiske menn har bore.

Religiøse leiarar

Hillel den eldre (ca 70 fvt.–10 evt.) var den høgaste av alle farisearane i tida av Det andre tempelet.

Hillél ben Gamaliél III (200-talet) var sonen til Gamaliel III, barnebarnet til Jehudá hannasí, og broren til Jehudá Nesiah. Talmúd kallar han berre «Hillél», noko som gjer det vanskeleg å vita kven det gjeld.

Hillél II (330–365), sonen til Jehudá III, barnebarnet til Gamaliél IV, var nasí for alle jødar i si tid.

Hillél ben Eliakim eller Rabbénu Hillél (1100-talet) var ein gresk-jødisk rabbinar som var student til Rashi og svært lærd i Talmúd.

Andre menneske

Hillél ben Sjemuél (1200-talet) var ein jødisk filosof som verja Maimonides sine tankar og kritiserte Averroës og tilhengjarane hans.

Hillel ben Shakhar var løyndenamnet til Judah Loen Landau (1866–1942), ein Sør-Afrika|sørafrikansk]] diktar.

Hillel J. Einhorn (1941–1987) var ein amerikansk psykolog som er best kjend for teoriane sine om korleis folk tek avgjerder.

Organisasjonar Hillel: The Foundation for Jewish Campus Life (Hillel: skipinga for jødisk kampusliv) er ei skiping for jødiske studentar på høgskular og universitet.

Kategori:Fleirtydingssider