Sirdal er ein kommune heilt nord i Agder fylke. Sirdal er ein innlandskommune, som grensar i sør mot Flekkefjord, og i aust mot Kvinesdal.

Kommunevåpenet viser tre oppflygande ryper i sølv på grøn bakgrunn. Historisk har rypefangst vore ein viktig næringsveg i Sirdal.

Historie Namnet «Sirdal» kjem av elva Sira som renn gjennom dalen. Ein sirdøl er ein som bur i Sirdal eller som kjem derifrå.

Sirdal kommune vart opphavleg oppretta i 1849 ved utskiljing frå Bakke formannskapsdistrikt. I 1905 vart kommunen delt i Tonstad kommune og Øvre Sirdal kommune. I 1960 vart Øvre Sirdal kommune, Tonstad kommune og Haughomgrenda slegne saman til Sirdal kommune. Espetveit og Viraksgrenda blei overført frå Flekkefjord kommune i 1987.

Næringsliv Sirdal er ein kommune med mykje fjellterreng og store vasskraftressursar. Sira-Kvina kraftselskap har hovudkontor og driftssentral på Tonstad. Tradisjonelt har gardbrukarar frå Jæren kome med sauene sine til Sirdal for å ha dei på sommarbeite. Etter kvart har Sirdal utvikla ei sterk næring retta inn mot turisme. Mange har hytte i kommunen, og det er gode skitilhøve om vinteren. Om sommaren er det mange som går tur i Ryfylkeheiane og Setesdalsheiane.

Media Nettavisa Sirdølen er lokalavis for Sirdal og dalstroka innanfor.

Bakgrunnsstoff Sirdal kommune Sira-Kvina kraftselskap Sirdalsferie Sirdal Fjellmuseum Sirdal Høyfjellshotell

Kjelder

Kategori:Dalar i Agder Kategori:Kommunar i Agder

Kategori:Tidlegare kommunar i Vest-Agder