Øyposten er ei lokalavis som vert utgjeven i Finnøy og Rennesøy i Rogaland fylke. Redaktør er Rune Nedrebø. Avisa har kontor på Judaberg på Finnøy. Avisa kjem ut ein gong i veka (torsdag), totalt 48 gonger i året.
Historie Avisa starta som kommunalt informasjonsblad i 1970. I 1999 vart Øyposten aksjeselskap. I dag har avisa fem tilsette. Rune Nedrebø vart tilsett som ny redaktør i september 2019. Tidlegare redaktørar er blant anna Edd Meby og Jon Asgaut Flesjå. Etter kommunesamanslåinga i 2020 der Finnøy og Rennesøy vart ein del av Stavanger kommune, vart også Rennesøy med som ein del av dekningsområdet til avisa.
I juni 2021 vart 80 prosent av Øyposten AS kjøpt opp av Schibsted, noko som innebar både Øyposten og nettavisa Randaberg24. I ettertid kjøpte konsernet også opp dei siste 20 prosenta, og avisa er dermed heileigd av Schibsted.
Opplagstal
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske lokalaviser Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Aviser i Rogaland Kategori:Finnøy kommune Kategori:Skipingar i 1999