Kaffeklubben (grønlandsk Inuit Qeqertaat) er den nordlegaste øya i verda. Øya er kring ein kilometer lang, og finst på 83°40'N 29°50'W, 37 km aust for Kapp Morris Jesup utanfor Peary Land på Grønland.
Ho vart oppdaga av Robert Peary i 1900. Den danske Jubilæumsekspeditionen 1921–23 gjekk i land på øya.
Oppdagaren Lauge Koch oppkalla øya etter ein uformell kaffiklubb på Geologisk Museum ved Universitetet i København. Fleire av oppdagarane av øya var med i kaffiklubben.
Ein sandbanke er alt som er lenger nord. Denne heiter Oodaaq, og vart oppdaga i 1978. Ettersom denne ofte blir dekt av hav og havis kan han vanskeleg reknast som ei øy.
Planteliv Sjølv om øya ligg langt mot nord, veks fleire plantar der. I tillegg til ulike typar lav, mose og levermose finst også blomsterplantane raudsildre (Saxifraga oppositifolia) og islandsvalmue (Papaver radicatum) der.
Kjelder
Kategori:Grønlandske øyar Kategori:Nordlegaste punkt