mini|Luftfoto av St Martins, ei av Scilly-øyane. mini|Satellittbilde av Sør-Georgia. Ei øy er eit landområde som ikkje er bunde fast til eit kontinent. Mindre øyar blir kalla holmar, medan steinar som så vidt stikk opp av havet, blir kalla skjer. Etter Dei sameinte nasjonane sin definisjon skal ikkje område som er for små til å oppretthalda busetnad, reknast som øyar.

Øyar i havet kan dannast frå vulkansk aktivitet, veksa til atollar frå korallrev og dannast frå sediment langs kystar som barriereøyar. Elveøyar kan også dannast frå sediment og flytande materiale i elvar. Ei kunstig øy er ei øy laga av menneske, til dømes ved å byggja ut atollar og lagunar eller ved større landvinningsprosjekt.

Øyer husar ofte mangfaldig plante- og dyreliv. Oseaniske øyer har havet som ein naturlig barriere for introduksjonen av nye arter. Det fører til at artane som når øya, utviklar seg i isolasjon. Kontinentale øyar delar plante- og dyreliv med kontinentet dei skilde seg frå. Avhengig av kor lenge sidan den kontinentale øya blei danna, kan livet på øya ha avvika sterkt frå fastlandet på grunn av naturleg utval.

Menneske har budd på og reist mellom øyar i minst tusenvis av år. Tidlege menneske nådde nokre øyar på grunn av landbruer eller kom fram til ei kontinental øy som skilde seg frå fastlandet, eller ved hjelp av båtar. Heilt nord og heilt sør i verda er nokre øyar sesongmessig bundne saman gjennom havis.

I dag bur opptil 10 % av folka i verda på øyar. Øyer er også populære turistmål på grunn av den oppfatta naturvenleiken, isolasjonen og dei unike kulturane sine. Medan ein tidlegare berre kunne nå øyar med båt, har mange no samband med fastlandet gjennom bruer og undersjøiske tunnelar. I tillegg kan ein òg nå dei luftvegen. Det finst likevel framleis mange ferjesamband mellom øyar og fastlandet.

Det finst fleire øystatar i verda, til dømes Island, Færøyane og Storbritannia. Indonesia er den mest folkerike øynasjonen, og her ligg òg den øya det bur mest folk på i verda, Java.

Grønland blir som regel rekna som den største øya i verda, ettersom Australia er ein eigen verdsdel på si eiga jordskorpeplate.

Noreg er eit av landa i verda med flest øyar innanfor grensene sine. Andre kystnasjonar, til dømes Litauen, har ikkje ei einaste øy utanfor kysten sin.

Skilnad frå kontinent mini|portrett=1.35|Dymaxionkart av verda med kontinenta (I,II,III,IV) og dei største øyane (1–30) i omtrent same skala.

Det finst ikkje noko standard skilje mellom øyar og kontinent, eller mellom øyer og holmar.

Innan geologi finst det eit vidt akseptert skilje mellom øyar og kontinent. Ofte reknar ein kontinent som den største landmassen på ei særskild kontinentalplate; dette gjeld til dømes Australia, som ligg på sin eigen kontinentale litosfære og kontinentalplate (den australske plata).

Til skilnad blir øyar ofte sett på som del av havbotnskorpe (t.d. vulkanøyar), eller som del av jordskorpeplata til ein større landmasse (kontinentale øyar), slik som til dømes Grønland, som ligg på Den nordamerikanske plata. Typar av øyar Ein kan gruppere øyar i to hovudgrupper: kontinentale og oseaniske. Kontinentale øyar mini|Satellittbilde av Grønland. Kontinentale øyar er land over havoverflata som ligg på kontinentalsokkelen på eit kontinent. Døme er Borneo, Java, Sumatra, Sakhalin, Taiwan og Hainan utanfor Asia; Ny-Guinea, Tasmania og Kenguruøya utanfor Australia; Storbritannia, Irland og Sicilia utanfor Europa; Grønland, Newfoundland, Long Island og Sable Island utanfor Nord-Amerika; og Barbados, Falklandsøyane og Trinidad utanfor Sør-Amerika.

Ein spesiell type kontinental øy er den mikrokontinentale øya, som blir skapt når eit kontinent blir rifta. Døme er Madagaskar og Sokotra utanfor Afrika, Ny-Caledonia, New Zealand og nokre av Seychellane.

mini|venstre|Zuiderduintjes, ei av Dei frisiske øyane.

Ein annan undertype er ei øy eller banke danna ved avsetning av ørsmå bergfragment der vasstraumen over lang tid mistar noko av bereevna. Dette inkluderer:

barriereøyar, som er samlingar av sand avsett av sjøstraumar på kontinentalsoklane, til dømes Dei frisiske øyane langs kysten av Nederland og Tyskland. fluviale eller alluviale øyar danna i elvedelta eller midtstraums i store elver. Medan nokon er forbigåande og kan forsvinne viss volumet eller farten på straumen blir endra, er andre stabile og har lang levetid.

Oseaniske øyar mini|Vulkanøya Tristan da Cunha. Oseaniske øyar er øyar som har komme opp utanfor kontinentalsoklane. Dei aller fleste har vulkansk opphav, til dømes St. Helena i Sør-Atlanterhavet. Dei få oseaniske øyane som ikkje er vulkanske, har tektonisk opphav og oppstår der platerørsler har løfta havbotnen over overflata. Døme er St. Peter og St. Paul-øyane i Atlanterhavet og Macquarieøya i Stillehavet.

Ein type vulkansk oseanisk øy finst i ein vulkansk øyboge. Desse øyane stammar frå vulkanar der det finst subduksjon av ei jordplate under ei anna. Døme er Aleutane, Marianane og det meste av Tonga i Stillehavet. Dei einaste døma i Atlanterhavet er nokon av Dei små antillane og Sør-Sandwichøyane.

Ein annan type vulkansk oseanisk øy finst der ei oseanisk rift når overflata. Det er to døme: Island, som er verdas nest største vulkanøy, og Jan Mayen. Begge ligg i Nord-Atlanterhavet.

Ein tredje type vulkansk oseanisk øy blir danna over vulkanske søylestraumar eller «varmeflekker». Ein søylestraum er meir eller mindre stasjonær i forhold til den tektoniske plata i rørsle over ho, så ei kjede med øyar blir resultatet når plata driv. Over lange periodar blir denne typen øyar til slutt «drukna» ved isostatisk justering og erodert, og endar opp som eit undervassfjell. Platerørsle over ein søylestraum produserer ei linje med øyar orientert i retning av platerørsla. Eit døme er Hawaii-øyane, frå Hawaii til Kureatollen, som held fram under havoverflata i ei meir nordleg retning som Emperor-undervassfjella. Ei anna kjede med liknande orientering er Tuamotu; den eldre, nordlege forgreininga er Lineøyane. Den sørlegaste kjeda er Australøyane, med atollane i den nordlege forgreininga i øystaten Tuvalu. Tristan da Cunha er eit døme på ein søylestraumvulkan i Atlanterhavet. Ein annan søylestraum ved Island er øya Surtsey, som blei danna i 1963.

Andre typar øyar i havet portrett|mini|Ari-atollen på Maldivane.

Koralløyar er bygde opp av korallar over vulkanmassiv som i seg sjølve ikkje nådde over havoverflata. Døme danna frå korallrev inkluderer Maldivane, Tonga, Samoa, Nauru og Polynesia.

Ein atoll er ei øy danna frå eit korallrev som har vakse på ei erodert og nedsenka vulkansk øy. Revet stig til overflata av vatnet og dannar ei ny øy. Atollar er typisk ringforma med ein sentral lagune. Døme er Linjeøyane i Stillehavet og Maldivane i Indiahavet.

Koralløyar og atollar kan ligge på eller utanfor kontinentalsokkelen.

Granittøyar er øyar som korkje er ei koralløy eller ei vulkansk, oseanisk øy. Eit døme er somme av øyane i øygruppa Seychellane.

Øyar i ferskvatn Øyar kan vera omkransa av ferskvatn om dei ligg i innsjøar, som til dømes Helgøya i Mjøsa, eller i elvar, som IJsselmonde i Rhinen-Maas-Schelde-deltaet.

Marajó i Brasil er den største øya i verda som er fullstendig omslutta av ferskvatn. Ho ligg ved munningen av Amazonaselva.

Manitoulinøya i Huronsjøen i Canada er den største øya i verden som ligg i ein ferskvassinnsjø. Soisalo i innsjøen Saimen i Finland er den største ferskvassøya i Europa.

Kunstige øyar mini|Kansai internasjonale lufthamn i Osaka er bygd på ei kunstig øy.

Gjennom fleire hundre år har menneske skapt kunstige øyar gjennom ulike former for landvinning. Eit av dei eldste dokumenterte døma på dette er då folk frå Salomonøyane skapte åtti slike øyar ved å laga haugar av stein og korall i Lau-lagunen. Den eldste permanente kunstige øya er Al-Sayah i Bahrain, som blei skapt for minst 1200 år sidan av korall, østersskjel og keramikk. Ein tradisjonell måte å laga øyar på er med eit dekkverk. Sandsekkar eller steinar blir frata med ein pram og slopne i sjøen for å skapa eit landområde som når like over havnivået. Øyområdet blir så fylt med sand eller grus, og så dekt med dekkverk for å halda alt saman. Ein har også laga øyar ved hjelp av ein permanent senkekasse, ein struktur av stål eller betong som blir fylt med sand.

Nokre moderne øyar er blitt laga ved å hella millionar tonn av sand i havet, som med Pearl Island i Qatar og Palm Islands i Dubai. Oljeplattformer er også blitt omtalte som ein type kunstig øy. Nokre atollar er blitt dekka av betong for å laga kunstige øyar til militære føremål, mellom anna av Kina i Sør-Kina-havet. Desse atollane var tidlegare berre over havyta ved lågvatn. Ifølgje Havrettstraktaten har ikkje slike øyer nødvendigvis same rettslege status som naturlege øyar, og kan dermed ikkje gje same juridiske rettar som desse.

Liv på øyar

Øybiogeografi er eit felt som tek for seg dei økologiske prosessane som skjer på øyar, med fokus på kva faktorar som påverkar evolusjon, utrydding og artsrikdom. Forskarar studerer ofte øyar som ein isolert modell for korleis naturleg utval skjer. Øyøkologi studerer organismar på øyar og miljøet deira. Det har gjeve viktige innsikter for det foreldrefeltet økologi sidan tida til Charles Darwin.

Endemisme mini|Galapagospingvin er endemisk til Galapagosøyane. I biologi er endemisme definert som fenomenet der artar eller slekter berre finst i eit visst geografisk område. Øyane isolerer landlevande organismar frå andre med vatn, og isolerer vasslevande organismar som lever på dei med land. Økosystema på øyar har dei høgaste ratane av endemisme i verda. Dette tyder at øyane bidrar sterkt til det globale biologiske mangfaldet. Område med høgt biologisk mangfald er eit prioritert mål for konservasjonsarbeid, for å førebygga utrydding av desse artane. Trass i høge endemismnivå er den totale artsrikdommen, det totale talet på unike arter i eit område, lågare på øyar enn på fastlandet. Nivået av artsrikdom på øyar er proporsjonalt med området på øya, eit fenomen kjent som art-areal-tilhøvet. Dette er fordi større område har fleire ressursar og dermed kan støtta fleire organismar. Populasjonar med større berekraft har òg meir genetisk mangfald, som fremjar artsdanning.

Spreiing alt=An orange bat hanging upside down from a tree.|mini|Fruktflaggermusa Pteropus seychellensis har ei viktig rolle i å spreia frø frå tre mellom øyar, ei form for havspreiing. Øyar som aldri har vore landfaste med eit kontinent, oseaniske øyar, kan berre bli koloniserte av organismar som er i stand til å kryssa havet. Difor må alle dyreartar som finst på slike øyar, ha kome dit anten ved å flyge, slik som fuglar og flaggermus, ved å bli frakta av slike dyr som flyg, eller ved å drive over havet i havstraumar på flytande trestammar, eller på matter av vegetasjon eller anna naturleg materiale. Dette fenomenet er kjent som havspreiing. Tropiske syklonar har kapasitet til å transportera arter over store avstandar. Dyr som skjelpadder kan leva i fleire veker utan mat eller vatn, og kan overleva på flytande føde i havet. Ein studie frå 1995 viste at femten iguanar overlevde ei 300 km lange reise til Anguilla i Karibia, ei øy som ingen iguan hadde levd på før. Dei overlevde ved å flyta på ein masse av flytande tre felte av ein storm. Ein trur at plantar kan flytta seg i store avstandar av hav. New Zealand og Australia har 200 innfødde planteartar til felles, sjølv om det er 1500 km mellom dei.