Aust-Agder er eit tidlegare norsk fylke som grensa til Telemark, Rogaland og Vest-Agder. Det hadde kystlinje mot Skagerrak.

Aust-Agder fylke svara for det meste til området som inntil 1918 hadde namnet Nedenes amt. I 2020 blei det del av nye Agder fylke.

Kommunar Nr.NamnFolkemengdFlatevidd km²090120px|Risør kommune Risør090420px|Grimstad kommune Grimstad090620px|Arendal kommune Arendal091120px|Gjerstad kommune Gjerstad091220px|Vegårshei kommune Vegårshei091420px|Tvedestrand kommune Tvedestrand091920px|Froland kommune Froland092620px|Lillesand kommune Lillesand092820px|Birkenes kommune Birkenes092920px|Åmli kommune Åmli093520px|Iveland kommune Iveland093720px|Evje og Hornnes kommune Evje og Hornnes093820px|Bygland kommune Bygland094020px|Valle kommune Valle094120px|Bykle kommune BykleTotalt20px|Aust-Agder Aust-Agder

Tettstadene i fylket 68,2 % av dei som bur i fylket bur i tettstader. Det er fem stader som kallar seg by: Arendal, Grimstad, Lillesand, Risør og Tvedestrand.

Klima Sørlege område av Aust-Agder har liknande klima som dei nærliggande områda av Austlandet og er godt skjerma mot vest. Heiane omkring Setesdalen er derimot utsett for byer frå vest. Sjøen utanfor kysten er relativt varm om sommaren, men kald om vinteren, og stundom med havis. Om vinteren bles det oftast frå nordaust ved kysten og meir nordleg inne i landet. Om sommaren bles det oftast frå sørvest ved kysten, stundom opp mot liten kuling. Innover i landet er vinden meir sørleg sommarstid. I finvêr er ofte solgangsbrisen dominerande.

Januar og februar er dei kaldaste månadane med middeltemperaturar kring −1 °C ved kysten og −3 til −5 °C lenger inne i landet. Lengst nord går midlane ned mot −7 til −8 °C. Juli er den varmaste månaden med temperaturar kring 17 °C like innanfor kysten. Litt lenger inne i landet 14 til 16 °C og i dei høgaste strøka lengst nord 12 °C.

Kysten er solrik, medan ein innover land finn meir vekslande skydekke og fleire byer. Årsnedbøren varierer frå kring 900 mm ute ved kysten til kring 1400 mm 20–30 km frå kysten, medan dei indre dalstrøka kan ha under 1000 mm. Enkelte år kan møtet mellom kald luft frå aust og fuktig luft frå Nordsjøen føre til store snømengder.

Det opptrer tåke på kysten 3-4 % av året, men hyppigast om våren når varm luft strøymer over det kalde sjøvatnet.

Kjelder

Referansar

Kategori:Aust-Agder fylke Kategori:Tidlegare norske fylke Kategori:Nedleggingar i 2020