Tangens Gardinfabrik er ein tidlegare norsk tekstilfabrikk grunnlagd på Nygårdstangen i Bergen av kjøpmannen A.F. Simonsen (1849–1929), som den første norske gardinfabrikken i 1881. Fabrikken gjekk konkurs allereie i 1883, og kjøpmannen C. Sundt tok over fabrikken og overlét han til sonen Christian Sundt jr. (1860–1938). Han dreiv fabrikken i nokre år under namnet Tangens Gardinveveri. Halfdan Wiberg var tilsett som mønsterteiknar i 1885–88.
Historie Dei første åra produserte fabrikken gas-gardiner på 36 vevstolar. På 1880-talet var Nygårdstangen ein aude stad mellom Puddefjorden og Strømkaien, og den einaste bygningen i nærleiken høyrte til Frelsesarmeen. Men den første Nygårdsbroen var allereie bygd, og C. Sundt innsåg at trafikken inn til Bergen sentrum kom til å gå der, og ikkje gjennom den tronge Stadsporten i Kalfaret. Difor hadde han kjøpt gardinfabrikken, og i sonen Christian sine hender vart det den første og største i Skandinavia i sitt slag. Fabrikken var lenge einerådande på marknaden for blondegardiner, og varemerket Tangen var kjent i heile Europa. Sundt klarte seg til og med på marknaden i England, som var heimlandet til blondemaskina, oppfunne av John Heathcoat.Morten Valestrand: «Nygårdstangen ble Tangen i Stockholm», Bergens Tidende 15. mai 1998Fra John Heathcoats liv
I 1890 vart Tangen Gardinfabrik omorganisert i eit nytt aksjeselskap under namnet Skandinavisk Aktie Tyllgarnfabrik. Christian Sundt og tyske Theodor Lindenhein sat i leiinga. I 1892 avløyste Christian Hasselbach frå København Lindenhein som direktør, medan Sundt hadde den tekniske leiinga. Ein bygde ein ny fabrikkbygning for å produsere tyllgardiner, teikna av arkitekt Schak Bull og med britiske maskiner. Fabrikken vaks, og i 1896 var arbeidsstokken på 225–250 kvinner og menn. Med moderne maskineri og rasjonell drift satsa Sundt på eksport: først til unionslandet Sverige, der ein kunne føre varer inn i landet tollfritt, og så til andre land. Då mellomrikslova vart oppheva i 1897, og tollunionen mellom Noreg og Sverige vart erstatta av ein tollmur, hadde Sundt allereie danna eit eige aksjeselskap i nabolandet, Aktiebolaget Skandinaviska Trådgarnfabriken, Tangen pr. Stockholm, med over 200 tilsette.Morten Valestrand: «Nygårdstangen ble Tangen i Stockholm», Bergens Tidende 15. mai 1998 mini|Møbelstoffprøvar frå Tangens Gardinfabrik, Tekstilindustrimuseet. mini|Prøve frå Tangens Gardinfabrik med Håkonshallen og Rosenkrantztårnet som motiv. Sverige var den viktigaste eksportmarknaden for den bergenske gardinfabrikken, og i Bromma i Sverige bygde Chr. Sundt opp eit lite industrisamfunn med arbeidarbustadar, badehus, handelsbu, spisestad og bibliotek. Familien Sundt budde like ved, og Chr. Sundt fekk løyve av kommunen til å kalle heile området for Tangen, etter Nygårdstangen i Bergen. Fleire av arbeidarane hadde flytta austover frå Bergen, og fekk svenske etterkommarar. Chr. Sundt sjølv valde å busetje seg permanent i Sverige, og då han og kona feira sølvbryllaup i 1911, vart det feira i fabrikkane i begge landa samtidig. Fabrikken i Bromma vart selt ut av familien i 1936, tjue år seinare vart han nedlagd, og seinare riven på 1970-talet.Morten Valestrand: «Nygårdstangen ble Tangen i Stockholm», Bergens Tidende 15. mai 1998 Men burettslaget Tangen finst enno.https://www.booli.se/bostadsrattsforening/81796
Fabrikken på Nygårdstangen vart lagt ned i 1972, men ein kan enno skimte fabrikknamnet på mursteinsbygningen i Lars Hilles gate 14, der Fretex Lars Hillesgate ligg.
Referansar
Kjelder
Grieg, Sigurd (1950). Norsk tekstil. Oslo: Johan Grundt Tanum. Simonnæs, Olav (1950). Tangens gardinfabrikk 1890 - 1. januar - 1950. Bergen.
Denne artikkelen bygger på «Tangens Gardinfabrik» frå , den 28. januar 2022.
Bakgrunnsstoff Artikkel om Tangens Gardinfabrikk på DigitaltMuseum Objekt frå Tangens Gardinfabrik på DigitaltMuseum
Kategori:1881 i Noreg Kategori:Føretak skipa i 1881 Kategori:Næringsliv i Bergen Kategori:Tidlegare norske tekstilverksemder Kategori:Historie i Bergen