Hilde Skaar (), kjend under artistnamnet SKAAR, er ein norsk popsongar frå Stord i Vestland fylke.
Virke SKAAR debuterte på musikkscena som 18-åring, som vokalist på TRXD-låten «Wherever You Go». I 2018 debuterte ho som soloartist med singelen «Higher Ground». SKAAR vart nominert som årets nykommar under P3 Gull 2019, årets stjerneskot under by:Larm-festivalen 2020 og årets artist under NRJ Awards 2019. I september 2020 gav ho ut debut-EP-en The Other Side of Waiting. For EP-en vart ho nominert til Spellemannprisen 2020 i klassen pop og dessutan til klassen årets gjennombrot og Gramostipend. Ho gav ut albumet Waiting i 2021 og vart same år nominert til Bendiksenprisen som vert delt ut av GramArt på vegner av Kulturdepartementet.
SKAAR har òg gjort seg merka utanfor Noreg. Mellom anna vart ho invitert av den norske kongefamilien til å bli med til Chile for representere norsk kultur.
SKAAR har skrive og sunge originalmusikk for Netflix-serien Hjem til jul, og ho har bidrege musikalsk til filmar som Battle og Askeladden – i Soria Moria slott.
SKAAR song saman med Joshua Speers på songen «Don't stop loving me» (2021).
Diskografi
The Other Side of Waiting (2020) Waiting (2021)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «SKAAR» frå , den 29. januar 2022.
Kategori:Folk frå Stord Kategori:Norske musikarar