Alexandra Gjerpen () er ein norsk skodespelar med skodespelarutdanning frå William Esper Studio i New York, der ho òg jobba som skodespelar. Ho søkte Teaterhøgskolen fire gonger, men vart avvist kvar gong. Ho flytta til Sandnes i Rogaland i femårsalderen, der ho vaks opp.
Karriere Gjerpen har spelt i reklamar, teater, kortfilmar og musikkvideoar. Ho spelte rolla som Alex i NRK-serien Unge lovende i fire sesongar frå 2015 til 2018. For rolla vart ho nominert til Gullruten 2016 i klassen beste kvinnelege skodespelar. Gjerpen har sidan 2017 spelt rolla som trælen Tina i TV-serien Vikingane. For rolla i filmen Når jeg faller frå 2018 vart ho nominert til Amandaprisen 2019 i klassen beste kvinnelege birolle. Gjerpen hadde hovudrolla i dramaserien 22. juli som Aftenposten-journalist Anine. For rolla vart ho nominert til Seriekritikerprisen 2020 i klassen beste skodespelar i norsk serie.
Filmografi
Filmar
2012 – The Job Interview 2013 – High Maintenance, Rachel 2016 – Meglerene, resepsjonist 2018 – Now It's Dark, fan 2018 – Når jeg faller, Maria 2019 – Askeladden – i Soria Moria slott, Solfrid 2021 – Prosjekt Z, Alex
TV-seriar
2015-2018: Unge lovende, Alex 2017-2020: Vikingane, Tina 2018: Neste sommer, éin episode 2020: 22. juli, Anine
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Alexandra Gjerpen» frå , den 28. januar 2022.
Kategori:Folk frå Sandnes Kategori:Norske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske stemmeskodespelarar