Sørfold er ein kommune i distriktet Indre Salten i Nordland fylke. Han grensar i nordvest mot Steigen, i nordaust mot Hamarøy, i sør mot Fauske og i vest/sørvest mot Bodø. Aust om Sørfold er Jokkmokk kommune i Sverige.
Sørfold kommunen omfattar 1636 kvadratkilometer med knapt 2000 ibuarar. Administrasjonssenteret ligg i Straumen, ei bygd i den indre delen av fjorden Sørfolda. Andre større bygder og grender er kyrkjestaden Røsvik, Indre og Ytre Styrkesnes og Mørsvikbotn.
1517 meter over havet høge Gasskačohkka er den høgste fjelltoppen i Sørfold kommune. Fjelltoppen er grensefjel mot Hamarøy kommune.
Tettstader i kommunen Straumen
Bakgrunnsstoff Sørfold kommune sine heimesider
Kategori:Kommunar i Nordland Kategori:Salten