Vågan er ein kommune i Lofoten i Nordland fylke. Han har grense til kommunane Hadsel i nord, Lødingen i aust, og til Vestvågøy over Sundklakkstraumen i vest.

Kommunen omfatter mest heile Austvågøy, Gimsøya og fleire mindre øyer, mellom anna Henningsvær og Skrova. Ein liten bit av Hinnøya høyrer òg til Vågan.

Tettstader i kommunen mini|venstre|Vågan-tettstaden Svolvær med Svolvær kyrkje, teke i juni 2005 Henningsvær Kabelvåg Skrova Svolvær

Næringsliv Fiskeindustri er den viktigaste næringsvegen, og Vågan er den største oppdrettskommunen og den nest største fiskerikommunen i Nord-Noreg. I tillegg til fiskeritenestar har kommunen òg ein av dei større verkstadindustriane i landsdelen. Andre viktige næringsvegar er reiseliv, handel og tenesteyting.

Kommunikasjoner Vågan har dagleg flysamband med dei andre kortbaneflyplassane i området og stamrutenettet i Bodø. Svolvær blir dagleg vitja av Hurtigruta medan det finst snøggbåtsamaband til Stokmarknes, Bodø og Narvik. Ferjesamband er det til Skutvik/E6 og mellom Fiskebøl og Melbu mot Vesterålen, og det går bilferjer til Skrova, Brettesnes og Digermulen. Svolvær har gode bussruter i fleire retningar.

Kjente vågaværingar Ole Juul (1852–1927), kunstmålar Jack Berntsen Kari Bremnes Mathias Normann (f. 1996), fotballspelar

mini|Fråflytta hus på Gimsøy

Bakgrunnsstoff Vågan kommune sine heimesider

Kategori:Kommunar i Nordland Kategori:Lofoten