Tjeldsund (nordsamisk Dielddanuorri) er ein kommune i Troms fylke. Evenskjer er administrasjonsstad. Frå 1909 til 2019 var Tjeldsund ein kommune i Ofoten i Nordland med Hol som administrasjonsstad.
Historie Tjeldsund kommune blei oppretta 1. januar 1909 ved at Lødingen kommune blei delt inn i dei to kommunane Lødingen og Tjeldsund. 1. januar 2020 ble Tjeldsund slått saman med Skånland kommune i Troms. Den nye kommunen fekk namnet Tjeldsund og blei del av det nye fylket Troms.
Frå 1. juli 2020 er nye Tjeldsund kommune innlemma i samisk språkforvaltingsområde, som den åttande frå nordsamisk område, og er dermed offisielt tospråkleg norsk og samisk.
Geografi
mini|venstre|Fjelldal i Tjeldsund Kommunen ligg ved Tjeldsundet og omfattar: Den søraustre delen av Hinnøya, der han i nord grensar mot Harstad kommune i Troms og i sør mot Lødingen kommune. Heile Tjeldøya. Ein fastlandsdel som grensar til Skånland kommune i Troms og Evenes kommune.
Tjeldsundbrua som ligg i Harstad og Skånland bidrar til å binde saman dei delene av Tjeldsund kommune som ligg på fastlandet og på Hinnøya. Det er også båtsamband mellom Hov ved Hol på Tjeldøya og Smiberget ved Sæter på Hinnøysida.
Næringsliv Tjeldsund har tre store offentlege arbeidsplassar: Ramsund orlogsstasjon, Tjeldsund kommune og Norges brannskole. Det finst også ein del småindustri, gardsbruk, fiske, bank, transport og servering.
Tettstader i kommunen Fjelldal Ramsund
Folk frå Tjeldsund Asbjørg Skåden, sametingspolitikar. Ho voks opp i Planterhaugen i Skånland
Kjelder
Bakgrunnsstoff Tjeldsund kommune sine heimesider
Kategori:Kommunar i Troms Kategori:Ofoten