Skjerstad er ein tidlegare kommune i Nordland fylke. 1. januar 2005 vart Skjerstad innlemma i Bodø kommune, med servicetorg i Misvær. Den 1. januar 2004 hadde kommunen 1 030 innbyggjarar.

Namnet «Skjerstad» er opphavleg eit gardsnamn, norrønt Skírastaða. Fyrste leddet er truleg eit elvenamn som kan koma av skírr, 'rein, klar'.

Området ligg sør for Skjerstadfjorden, den midterste delen av Saltfjorden, som skjer seg inn frå Bodø. Då kommunen vart oppretta i 1837 dekka han område på begge sider av Skjerstadfjorden. I 1963 gjekk områda på nordsida inn i dåverande Bodin kommune, seinare ein del av Bodø.

Skjerstadfjorden er 32 km lang og opp til 8 km brei. Frå sør går den 16 km lange Misværfjorden opp til Skjerstadfjorden. Området er svært berglendt, og Lurfjelltind når 1284 meter over havet.

Kjelder

Kategori:Tidlegare kommunar i Nordland Kategori:Salten Kategori:Historie i Bodø Kategori:Geografi i Bodø Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 2005