Izu er det 121. albumet totalt og det 28. konsertalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i mars 2010.
I september 2009 spelte Tangerine Dream i Japan for første gongen sidan 1983. Konserten vart teken opp og filma, og kom ut våren 2010 på både DVD og som dobbel-CD. Konserten var ein del av Metamorphose-festivalen.
Dei første 200 personane som bestilte plata direkte frå nettbutikken til Eastgate fekk med eit gratis postkort, signert av heile bandet.
Innhald
Medverkande Edgar Froese - klaverinstrument Linda Spa - saksofon, fløyte, klaverinstrument Iris Camaa - elektroniske trommer og perkusjon Thorsten Quaeschning - klaverinstrument Bernard Beibl – gitar, elektrisk fiolin
Kjelder
Kategori:Konsertalbum frå 2010 Kategori:Konsertalbum av Tangerine Dream