DM V er det 122. albumet totalt og eit remiksalbum av den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i mars 2010.
DM V er det femte albumet i Dream Mixes-serien som byrja med The Dream Mixes i 1995. Trass i at sonen til Edgar Froese, Jerome Froese, slutta i bandet i 2006, var det han som tok seg av dei fleste remiksane på dette albumet, slik han hadde gjort med dei andre albuma i serien. Edgar bidrog berre på det siste sporet med ein alternativ miks av sin eigen «Mombasa», som opphavleg kom ut nokre månader tidlegare på eit anna remiksalbum, Booster III (2009).
Innhald
Medverkande Edgar Froese - klaverinstrument Jerome Froese - klaverinstrument, miksing
Kjelder
Kategori:Musikkalbum frå 2010 Kategori:Tangerine Dream-album