The Angel of the West Window er det 129. albumet totalt og det 53. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve mai 2011.

Plata var den andre i Sonic Poems-serien til Tangerine Dream, som byrja med The Island of the Fay tidlegare i 2011. The Angel of the West Window er basert på ein roman av Gustav Meyrink frå 1927. På liknande vis som den første plata i serien, består dette albumet av seks komposisjonar av Edgar Froese og tre av Thorsten Quaeschning. Sporet «The Angel of the West Window», som kom ut på albumet Booster III to år tidlegare, er ikkje ein del av dette albumet.

Innhald

Medverkande Tangerine Dream Edgar Froese - klaverinstrument Thorsten Quaeschning - klaverinstrument

Kjelder

Kategori:Musikkalbum frå 2011 Kategori:Tangerine Dream-album