Flame er det 116. albumet totalt og det 46. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i mars 2009.

Dette var den tredje plata i ein serie omtalt som «cupdiscs», der lengda var kring 40 minutt, som var typisk for lengda på ei LP-plate. Platene kom i eit enkelt pappomslag i staden for det vanlege CD-omslaget i plast. Så langt består serien av 11 plater.

Plata inneheld åtte komposisjonar, seks av dei heilt nye og to av dei remiksar av tidlegare utgjevne spor.

Innhald

Medverkande Edgar Froese - klaverinstrument, komponist

Kjelder

Kategori:Musikkalbum frå 2009 Kategori:Tangerine Dream-album