The London Eye Concert er det 115. albumet totalt og det 26. konsertalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i mars 2009.

1. november 2008 spelte Tangerine Dream i London. Hovudfokuset var dei nyare albuma og nesten heile Views from a Red Train og nyinnspelingane av Tangram og Hyperborea vart framførte. I tillegg inneheld konserten meir klassiske Tangerine Dream-spor.

Seint i august 2009 kom ein DVD med heile konserten frå London i tillegg til ein bonus-DVD med opptak frå ein konsert 7. november 2008 i Los Angeles. I 2011 kom denne ut på BluRay.

Innhald

Medverkande Edgar Froese - klaverinstrument, gitar Thorsten Quaeschning - klaverinstrument Iris Camaa - perkusjon Linda Spa - saksofon, fløyte og perkusjon Bernard Beibl – gitar

Kjelder

Kategori:Konsertalbum frå 2009 Kategori:Konsertalbum av Tangerine Dream