Views from a Red Train er det 104. albumet totalt og det 41. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i april 2008.

Dette albumet var opphavleg tenkt som eit soloalbum for Edgar Froese sommaren 2007, men kom til slutt ut som eit Tangerine Dream-album. Alle komposisjonane er komponerte av Froese, men han hadde med seg eitt eller to medlem frå bandet på kvart av spora.

Fleire av spora var blitt framført på konsertar av Tangerine Dream før albumet kom ut, og då innhaldet på albumet vart publisert tidleg i 2008 sakna Tangerine Dreams-fansen eit spor kalla «Carmel Calif». Etter ynskje frå fansen valde Tangerine Dream å omarrangere heile sporlista og leggje til dette sporet, som opna albumet.

I mars 2009 kom albumet ut på ny med eit anna plateomslag. I tillegg kom albumet ut på dobbel vinyl sommaren 2009 i lag med platene Summer in Nagasaki og Autumn in Hiroshima.

Innhald

Medverkande Edgar Froese - klaverinstrument, komponist Thorsten Quaeschning - trommer på spor 3 og 6 Bernard Beibl – gitar på spor 1, 3, 5, 6 og 10. Iris Camaa - perkusjon på spor 4, 5 og 9 Linda Spa - horn og sopransaksofon på spor 7 og 8.

Kjelder

Kategori:Musikkalbum frå 2008 Kategori:Tangerine Dream-album