For fjorden kommunen er kalla opp etter, sjå Gratangsfjorden

Gratangen kommune (nordsamisk Rivttáid suohkan) er ein fjordkommune i Troms fylke. Han ligg sør i fylket, og grensar til Narvik kommune i Nordland i sør, i nord og aust mot Lavangen, og i vest mot Skånland i nye Tjeldsund kommune. Over Astafjorden i nordvest ligg Ibestad kommune. Kommunen ligg rund fjorden Gratangen, som han har fått namnet etter.

Historie Gratangen kommune vart oppretta i 1926, då han vart skild ut frå Ibestad kommune. Sidan då er kommunegrensene ikkje endra.Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)

Den 25. april 1940 vart 34 soldatar i Trønderbataljonen drepne her i kamp med tyske soldatar.

Folketalsutvikling Folketalsutvikling for Gratangen kommune frå 1930: 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Gratangen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 1967 2281 2200 2103 1878 1695 1470 1307 1150

Sjå òg I 1974 forliste M/S «Lance II», og 11 av mannskapet på 13 omkom.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Gratangen kommune sine heimesider

Kategori:Kommunar i Troms Kategori:Norske kommunar skipa i 1926