Lavangen (nordsamisk Loabákhttps://kartverket.no/kart/stedsnavn/stadnamn-og-rettskriving/Fastsetting av samisk navn på Lavangen kommune, Troms. Vitja 8. september 2018.) er ein kommune i indre Troms fylke. Han grensar mot kommunane Salangen i nord, Bardu i aust, Gratangen i sør, og mot Ibestad over Astafjorden i vest.
mini|venstre|Henrikafossen i Spansdalen. Kommunen har den einaste kommunale sameskolen i Troms.
Historie Lavangen kommune vart oppretta 1. januar 1907, då han vart skild ut frå Ibestad kommune. 1. januar 1964 vart kommunen innlemma i Salangen kommune, men 1. januar 1977 vart kommunen skild ut att som eigen kommune. Området Lavangsnes, som tidlegare hadde vore del av Lavangen kommune, vart då verande i Salangen kommune.
I 1999 blei Lavangen kåra til landet sitt femte beste kommune å bu i av Norsk Familieøkonomi.
Folketalsutvikling Frå Lavangen vart gjenoppretta som eigen kommune i 1977 og fram til 2002, var han den nest minste kommunen i Troms etter folketal, berre større enn Bjarkøy kommune. I 2002 vart også Berg kommune mindre enn Lavangen, fordi nedgangen i folketal gjekk raskare der.
Folketalsutvikling for Lavangen kommune frå 1910: 1910"Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Lavangen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 1536a 1541a 1657a 1824a 1780a 1698a 1280 1145 1031 1012 a Talet omfattar Lavangsnes, som var del av Lavangen kommune fram til kommunesamanslåinga i 1964, men vart igjen i Salangen kommune då Lavangen vart skild ut att som eigen kommune i 1977.
Folk Berit Oskal Eira (f. 1951), politikar Sandra Borch (f. 1988), politikar
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kommunar i Troms Kategori:Samiske kommunar Kategori:Norske kommunar skipa i 1907