Ibestad (nordsamisk Ivvárstáđiid) er ein øykommune i Troms fylke. Det er øyene Andørja og Rolla som utgjer kommunen. Over fjordane som omgjev øyene ligg kommunane Senja og Dyrøy i nord, Salangen i nordaust, Lavangen og Gratangen i aust, Skånland i sør, og i vest ligg Harstad.
Det er undersjøisk vegsamband mellom Rolla og Andørja via Ibestadtunnelen som går under sundet Bygda. Frå Andørja er det brusamband til fastlandet over Mjøsundbrua.
Tettstad i kommunen Hamnvik -
Folketalsutvikling Folketalsutvikling for noverande Ibestad kommune frå 1930: 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Ibestad 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyråFolkemengd i Andørja 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 3188a 3341a 3240a 3217a 2912 2678 2196 1724 1408 a Dette talet omfattar ikkje ein del av øya Rolla som var del av Skånland kommune fram til kommunesamanslåingane i 1964, då han vart overført til Ibestad kommune. Dette området hadde då 143 innbyggjarar.
Politikk Kommunestyrevalet 2019
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kommunar i Troms Kategori:Norske kommunar skipa i 1838