Pongo de Mainique er ein pongo (canyon) i Peru som er 45 meter brei og 3 km lang, med 900 til 300 meter høge klipper på kvra side. Det er den einaste dalen som går gjennom heile Willkapampafjella. Han deler òg Rio Urubamba (ei av kjeldene til Amazonaselva) mellom Øvre Urubamba og Nedre Urubamba. Elva gjennom dalen vert rekna som det farlegaste stryket i Urubamba, men mange båtar reiser likevel langs elva, avhengig av vasstanden. Dalen vert kryssa av Incabrua, ein gammal løynd inngang til Machu Picchu.
Området er biologisk særs mangfaldig og regnskogen kring dalen inneheld fleire dyreartar enn nokon annan stad på jorda med liknande storleik.
Stryka i Pongo de Mainique vart filma i viktige scener i Werner Herzog-filmen Fitzcarraldo frå 1982 med Klaus Kinski.The Pongo also appears in the Academy Award-nominated IMAX film "Amazon."
I 2006 sa Monty Python-skodespelar og BBC sin reisejournalist Michael Palin at dalen var favorittstaden hans på jorda.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pongo de Mainique» frå , den 15. januar 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
– Bilete av Pongo de Mainique (4. til 8. )
Kategori:Kløfter i Peru