Eide kyrkje er ei lafta krosskyrkje i Grimstad kommune i Agder.

Kyrkja skal vere den tredje på staden. Ho vart for det meste oppført i 1795 og teken i bruk året etter, men vart ikkje rekna som fullført før i 1807. Formelt innvigd vart ho først den 17. juli 1825.

Mykje av målararbeidet i kyrkja vart i si tid utført av Guttorm Persen Eftestøl, som òg har laga preikestolen. Som i mange kyrkjer har ein måla over det gamle, for så å restaurere kyrkja eit stykkje ut på 1900-talet. Noko av inventaret er overført frå dei tidlegare kyrkjene.

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Grimstad Kategori:Kyrkjer i Vest-Nedenes prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1790-åra Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Grimstad