mini|Ringsaker kyrkje er prostikyrkje Ringsaker prosti var eit tenestedistrikt i Hamar bispedømme i Den norske kyrkja frå 2007 til 2024. Det femna Ringsaker kommune. Ringsaker kyrkje var prostikyrkje, og prosten var samlokalisert med Ringsaker kyrkjelege fellesråd i Moelv kyrkjesenter.
Prostiet vart oppretta i 2007 då sokna i Ringsaker vart skilde ut frå Hamar domprosti. Frå 1. januar 2025 vart sokna i Ringsaker igjen ein del av domprostiet.
Sokn Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.
Sokn Kyrkje(r) Kyrkjeleg fellesrådBrumunddal/Veldre sokn Brumunddal kyrkjeVeldre kyrkje Ringsaker Brøttum sokn Brøttum kyrkjeMesnali kyrkje Ringsaker Furnes sokn Furnes kyrkje Ringsaker Nes sokn i Ringsaker Helgøya kyrkjeNes kyrkje på HedmarkenStavsjø kyrkje Ringsaker Ringsaker sokn Ringsaker kyrkje Ringsaker Åsmarka sokn Åsmarka kyrkje Ringsaker
Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune Kyrkjer i Noreg etter prosti Prosti i Den norske kyrkja
Referansar
Bakgrunnsstoff Om Ringsaker prosti på nettstaden til Den norske kyrkja
Kategori:Hamar bispedømme
Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Hedmark fylke Kategori:Skipingar i 2007 Kategori:2007 i Noreg