Ole Peter Schjølberg () var ein norsk lensmann, bankmann og stortingsmann frå Trondheim. Peter Rinnan var brorsonen hans.
Liv og gjerning Schjølberg var son til ein smedmeister. Sjølv vart han lensmann i Ibestad då han var 22 år gammal og sat i stillinga i 44 år. I tillegg var han frå 1838 til 1872 den fyrste kommunekasseraren i Ibestad. Frå 1843 til 1882 var han medlem av heradsstyret, og samstundes heile tida kasserar i den lokale sparebanken.
Schjølberg representerte Finnmarken og Troms på stortinga 1845, 1848, 1854, 1857 og 1865-66, samt det overordentlege storting 1858. Han var i 1845 medlem av justiskomite nr 2 og i 1848 sekretær i same komiteen. Frå 1854 til -66 var han medlem av Lagtinget når han hadde stortingsplass, i 1865-66 som sekretær. Dessutan var han i 1854 medlem av og i 1857 sekretær kyrkjekomiteen. Ved den siste tingsamlinga han tok del i, 1865-66, var han medlem av budsjettkomiteen.
Då han i 1882 sa frå seg posisjonane i Ibestad, flytta han til hovudstaden og døydde der tre år seinare.
Kjelder Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar for Finnmark Kategori:Lokalpolitikarar i Ibestad Kategori:Norske politifolk Kategori:Folk frå Ibestad Kategori:Folk frå Trondheim