Markku Martti Tuokko () var ein finsk, tidlegare friidrettsutøvar som deltok i både diskoskast og kulestøyt. Under EM i 1978 fekk han sølvmedalje i diskos med eit kast på 64,90 meter. Tuokko vart finsk meister i diskoskast fem gongar; 1977 og 1979-82. Hans personlege rekord i diskos var 68,12 meter, oppnådd i mai 1979 i Fresno i California. Dette kastet var finsk rekord til 2001, då Timo Tompuri kasta 69,62 m. I kulestøyt støytte Tuokko 20,03 meter i august 1979.

Aktiv Tuokko fekk sølvmedaljen i den nasjonale meisterskapen i diskoskast i fire år på rad; 1973-76. Kvart år la han på nokre titals centimeter, frå 60,98 m i 1973 til 62,34 m i 1976, men måtte kvar gong sjå seg slått av Pentti Kahma. Tuokko sette personleg rekord i 1974 med 64,40 m og fekk plass i den finske troppen til EM i Roma, der han han ikkje lukkast kvalifisere seg til finalen.

Han deltok i diskos under OL i Montreal, men nådde heller ikkje då å kvalifisere seg til finalen. Same sesongen fekk han med seg ein bronsemedalje i kulestøyt frå den finske meisterskapen, i tillegg til den fjerde rake sølvmedaljen i diskoskast. I 1977 vann han sitt fyrste FM-gull i diskoskast etter eit kast på 63,06 m, Kahma vart vist til sølvplassen. Tuokko tok sjølv sølvmedaljen i kulestøyt.

I 1978 opplevde Tuokko høgdepunktet som aktiv, då han fekk EM-sølv i diskoskast, overgått einast av den suverene vinnaren, Wolfgang Schmidt frå Aust-Tyskland. Våren 1979 gjorde han sitt lengste diskoskast nokon gong, 68,12 m, under gunstige tilhøve i Fresno i California. Same sesongen kopierte han prestasjonane frå den nasjonale meisterskapen i 1977, med gull i diskos etter sterke 65,40 m, og sølv i kule.

Doping I 1979 vart Tuokko tatt for doping under eit Europacup-stemne, saman med landsmennene Asko Pesonen og Seppo Hovinen, den siste spydkastar.

Medaljar og plasseringar i diskoskast i internasjonale meisterskap EM 1974 i Roma: Utslått i kvalifiseringa (57,82 m – nr 16) OL 1976 i Montreal: Utslått i kvalifiseringa (59,80 m – nr 17) EM i 1978 : Sølvmedalje - 64,90 m, bakom Wolfgang Schmidt (66,82 m) OL i 1980 i Moskva: Nr 9 - 61,84 m

Notar

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kjelder Resultatoversikt Denne artikkelen bygger på «Markku Tuokko» frå , den 21. august 2013.

Kategori:Finske diskoskastarar Kategori:Finske kulestøytarar Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980