mini|Majewski på Bislett stadion i 2010 Tomasz Majewski () er ein polsk friidrettsutøvar frå Nasielsk. Han vart olympisk meister i kulestøyt under Sommar-OL 2008 i Beijing og forsvarte meistertittelen under Sommar-OL 2012 i London. Majewskis sette sin personlege rekord på 21,95 m under eit stemne i Stockholm i juli 2009.

Aktiv Majewski slo seg gradvis inn i verdseliten i kulestøyt frå 2005-sesongen. Under verdsmeisterskapen i 2007 sette han personleg rekord med 20,87 m i finalen og vart nummer fem i øvinga. I dei olympiske leikane i Beijing i 2008 støytte han kula 21,51 m, også det personleg rekord, og vann ein klar siger i tevlinga. Den 25. juli 2009 forbetra han i Barcelona den personlege rekorden til 21,64 m, og få dagar seinare under DN-galan i Stockholm til heile 21,95 m, noko som også var polsk rekord i kulestøyt. Under VM i friidrett 2009 i Berlin landa kula på 21,91 m og gav han sølvmedaljen, 12 centimeter bak USA-amerikanske Christian Cantwell.

Majewski fekk sølvmedaljen også under EM i friidrett 2010. Her var han slått med minst mogeleg margin av kviterussaren Andrej Mikhnevitsj; 21,00 m mot 21,01 m. Hausten 2010 vart han operert i ei skulder. To år seinare, under Sommar-OL 2012 i London, vart Majewski olympisk meister etter å ha støytt kula 21,89 m. Sigeren kom etter eit tett oppgjer mot den sterke tyskaren David Storl, som vart slått med tre centimeter.Men's Shot Put London2012.com Majewski fekk bronsemedalje i kulestøyt ved europameisterskapen 2014 i Zürich, trass i at han ikkje nådde lenger enn 20,83 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2004 i Aten: Utslått i kvalifiseringa – 19,55 m VM i 2005 i Helsingfors: Nr 9 – 20,23 m EM 2006 i Göteborg: Nr 8 – 19,85 m VM 2007 i Osaka: Nr 5 – 20,87 m OL 2008 i Beijing: Gullmedalje – 21,51 m, framom Christian Cantwell (21,09 m) VM 2009 i Berlin: Sølvmedalje – 21,91 m, bakom Christian Cantwell (22,03 m) EM 2010 i Barcelona: Sølvmedalje – 21,00 m, bakom Andrej Mikhnevitsj (21,00 m) VM 2011 i Daegu: Nr 9 – 20,18 m OL 2012 i London: Gullmedalje – 21,89, framom David Storl (21,86 m) VM 2013 i Moskva: Nr 6 – 20,98 m EM 2014 i Zürich: Bronsemedalje – 20,83 m VM 2015 i Beijing: Nr 6 – 20,82 m OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 6 – 20,72 m

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tomasz Majewski» frå , den 21. august 2013. Denne artikkelen bygger på «Tomasz Majewski» frå , den 21. august 2013.

Notar

Bakgrunnsstoff

World Athletics

Kategori:Polske kulestøytarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Polen Kategori:Olympiske meistrar for Polen Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2005 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2006 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2013