0hex = 0dec = 0oct 0000 1hex = 1dec = 1oct 0001 2hex = 2dec = 2oct 0010 3hex = 3dec = 3oct 0011 4hex = 4dec = 4oct 0100 5hex = 5dec = 5oct 0101 6hex = 6dec = 6oct 0110 7hex = 7dec = 7oct 0111 8hex = 8dec = 10oct 1000 9hex = 9dec = 11oct 1001 Ahex = 10dec = 12oct 1010 Bhex = 11dec = 13oct 1011 Chex = 12dec = 14oct 1100 Dhex = 13dec = 15oct 1101 Ehex = 14dec = 16oct 1110 Fhex = 15dec = 17oct 1111

Sekstentalssystemet (også kjent som heksadesimalsystemet) er eit talsystem som inneheld 16 ulike siffer. Som regel bruker ein sifra 0-9 frå titalssystemet i tillegg til bokstavane A-F, der A tilsvarer 10 i titalssystemet, og så vidare opp til F, som er 15.

Talsystemet innan data

Systemet er nyttig i datamaskinar fordi ein kan bruka fire bit (fire siffer i totalssystemet) til å gje verdien for eit siffer i sekstentalssystemet. Ei byte, som er sett saman av 8 bit, kan dermed gje eit tosifra tal i sekstentalssystemet.

Brøkar Sekstentalssystemet er godt til å laga brøkar med:

1/2 = 0,8 1/3 = 0,5555... 1/4 = 0,4 1/5 = 0,3333... 1/6 = 0,2AAAA... 1/8 = 0,2 1/A = 0,19999... 1/C = 0,15555... 1/F = 0,1111...

Fordi talbasen er kvadratisk dannar heksadesimal oftare uløyselege brøkar enn titalssystemet. Repeterande desimalar oppstår når nemnaren har ein primfaktor som ikkje finst i teljaren. I samanheng med heksadesimale tal gjeld dette viss og berre viss nemnaren ikkje er ein toar-potens.

Multiplikasjon thumb|350px|left|Multiplikasjonstabell for sekstentalssystemet.

Kategori:Talsystem