mini|Tryggve Gran i Antarktis 1911, som deltakar på Scotts sørpolekspedisjon Jens Tryggve Herman Gran ()Bergen domkyrkje, Ministerialbok nr. B 7 (1888-1903), Fødde og døypte 1888 var ein norsk flygar, fotballspelar, polarforskar, og forfattar frå Bergen. Han er i dag særleg kjend for å vere den fyrste som flaug over Nordsjøen, sommaren 1914.

Liv Bakgrunn Gran vart fødd i Bergen, der faren var skipsbyggmeister. 12. juli 1908 i Göteborg var han ytre venstre på det fyrste norske fotballandslaget.Magnus Breilie:Fotballboken s. 99. 1967 Noreg møtte heimelaget Sverige og tapte 3-11. Klubbfotball spela han for Oslo-klubben Mercantile.

Gran var åra 1910-13 med på Scotts sørpolekspedisjon som ski-instruktør. Han var med i den patrulja som vart send ut for å leita etter Robert Falcon Scott og fylgjet hans. Til slutt vart Scott og mennene funne ihelfrosne.

Fyrstemann over Nordsjøen Den 30. juli 1914 flaug Gran som den aller fyrste over Nordsjøen. På ferda trong han fire timar og til minuttar frå Cruden Bay i Skottland til Revtangen ved Orre i Klepp kommune på Jæren med eit Blériot-fly. Hendinga fekk ikkje så stor merksemd, av di fyrste verdskrig braut ut samstundes. Nordsjøflyginga var ei bragd, på line med Louis Blériot si flyging over den engelske kanalen fire år tidlegare. Under verdskrigen deltok Gran som flygar i teneste for Storbritannia, og fekk grad av major.

Omdøme Gran vart utnemnd til riddar av 2. klasse av St. Olavs Orden i 1915, men leverte utmerknaden tilbake i 1925.

Under andre verdskrigen var Tryggve Gran medlem i Nasjonal Samling.Hans Orvald Goksøyr i Norsk Allkunnebok 1954 Denne medlemskapen vart utnytta i nazipropagandaen. I 1944 vart det gitt ut eit norsk frimerke, NK 325, til minne om nordsjøflyginga 30 år tidlegare.Norgeskatalogen 1996

I 1971 vart eit minnesmerke over den fyrste Nordsjø-flyginga avduka i Cruden Bay. Også i Klepp kommune er det sett opp eit minnesmerke. Bleriot-flyet som Gran nytta under nordsjøflyginga er del av samlinga til Norsk Teknisk Museum i Oslo.

Gran døydde i Grimstad i 1980.

Verk «Hvor sydlyset flammer» (1915) «Under britisk flagg; krigen 1914-18» (1961) «Første fly over Nordsjøen» (1964) «Fra tjuagutt til sydpolfarer» (1974)

Kjelder

Bakgrunnsstoff Tryggve Gran - Norges første flygerhelt Tryggve Gran collection- arkivmaterial 90 år siden Gran fløy over Nordsjøen Stavanger Aftenblad

Kategori:Norske flygarar Kategori:Antarktiske polfararar Kategori:Norske oppdagarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske offiserar Kategori:Nordmenn frå fyrste verdskrigen Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Bergen