LUFS - Landslaget for nærmiljøskulen er ein norsk organisasjon som og arbeider for å styrkje nærmiljøskular, og for å rådgje og kurse foreldre, lærarar og andre. Organisasjonen vart skipa i 1988, og har sidan midt på nittitalet vore høyringsinstans i saker som gjeld grunnskulen. LUFS meiner at «folkestyret er tufta på ein offentleg, gratis skule – knutepunktet der alle må møtast».Informasjon om LUFS
LUFS er ein desentralisert dugnadsorganisasjon, og er partipolitisk nøytral. Det politiske arbeidet har sidan starten handla om å synleggjere skulens plass som samfunnsaktør og som sentralt knutepunkt i lokalsamfunnet. Det har i stadig sterkare grad og handla om å hjelpe foreldregrupper som slåst for skulen sin, så dei får rett handsaming andsynes lovverket. LUFS samarbeider og med ei rekkje landsfemnande organisasjonar om Fellesfråsegna Nærmiljøskolene forsvinner.Fellesfråsegna
Både Barneombodet og andre offentlege instansar viser til LUFS, som sit på særs høg kompetanse innanfor feltet sakshandsaming i skulenedleggjingssaker. I Statsbudsjettet 2005 seier Stortinget: «Komiteen viser til at LUFS – Landslaget for nærmiljøskolen – gjør et viktig arbeid for foreldre og elever på små skoler.»Statsbudsjettet 2005
Kjelder
Bakgrunnsstoff Nettsidene til LUFS Skoleplassen - Internettside med mykje pedagogisk stoff driven av LUFS
Kategori:Norske organisasjonar Kategori:Utdanning i Noreg Kategori:Skipingar i 1988