Ole Gabriel Ueland () var ein norsk politikar og stortingsrepresentant. Ueland kom frå låge samfunnslag, men arbeidde seg fram til å verta ein leiande politikar. Han vert rekna som sentral i å folkeleggjera politikk i Noreg. Han bana vegen for at òg personar frå fattige kår kunne oppnå politiske posisjonar.

Bakgrunn Ueland vart fødd som Ole Gabriel Gabrielsen Skaaland, den nest eldste av fie sysken, i ein bondefamilie på garden Skåland i Lund sokn i Dalane. Han lærte å lesa av mora, og gjekk to veker på ein skule tre mil vekke, men det var ingen skular i nærleiken, og få bøker. Han las interessert i det han fekk tak i, og synte ei evne til læring og lesing. Sytten år gamal vart han spurd om å undervisa borna i området, og hadde denne stillinga fram til 1825.

I 1825 gifta Ole Gabriel seg med odelsjenta Marthe Gurie Osmundsdatter Ueland, flytta til garden Ueland og tok gardnamnet som etternamn. Han vart kyrkjeklokkar og omgangsskulelærar i Heskestad i Lund kommune. Ole Gabriel Ueland hadde tiltru i distriktet, og fekk fleire kommunale verv. Han var mellom anna ordførar og lensmann i Heskestad.

Politikar I 1833 vart Ueland vald til Stortinget, der han sat som representant fram til 1869. Han vart leiar for bonderørsla innan politikk og fekk respekt for sitt politiske syn. I 1859 danna han saman med Johan Sverdrup den politiske samanslutninga Reformforeningen. Foreninga vart utgjort av stortingsrepresentantar i særleg grad gjekk inn for demokratiske reformer.

Ole Gabriel Ueland var far til Gabriel Olsson Ueland og Jonas Ueland, og farfar til journalisten og kvinnesaksforkjemparen Brenda Ueland.

Kjelder Ole Gabriel Ueland av Rasmus Løland Om Ueland og Uelandsgate

Svendsen, Åsmund: Ole Gabriel Ueland i Norsk biografisk leksikon

Bakgrunnsstoff Ole Gabriel Ueland i Norsk biografisk leksikon Ole Gabriel Ueland av Rasmus Løland

Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Lund