Falklandsøyane (engelsk Falkland Islands, spansk Islas Malvinas) er ei øygruppe som er styrt som eit britisk oversjøisk område. Hovudstaden er Stanley med 1750 innbyggjarar.
Ein guvernør styrer øyane på vegner av styresmaktene i Storbritannia. I tillegg til Falklandsøyane styrer guvernøren òg over øygruppa Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane. Argentina gjer òg krav på området, og innlemar dei i provinsen Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur.
Geografi Falklandsøyane ligg i sør i Atlanterhavet, 483 km utanfor austkysten av Argentina. Dei to hovudøyane er Vest-Falkland og Aust-Falkland. Hovudstaden, Stanley eller Port Stanley, ligg på Aust-Falkland. I tillegg kjem nær 200 mindre øyar. Øyane har ei samla flatevidd på 12 173 km² og hadde om lag 3 800 innbyggjarar i 2022.Alfieri, Ana Claudia; Askgaard, Helle; Folke, Hans; Sebro, Henrik: Falklandsøerne i Den Store Danske på lex.dk. Henta 17. februar 2024.
Det høgaste fjellet i øygruppa er Mount Adam (698 moh.) på Vest-Falkland.
mini|venstre|Christchurch Cathedral i Stanley.
Historie Den 2. april 1982 invaderte Argentina øyane, noko som utløyste Falklandskrigen. Storbritannia sende ein flåtestyrke og gjenerobra øyane etter harde kampar.
Etter at Storbritannia har teke til å interessera seg for å leita etter olje i farvatna rundt øyane, har Falklandsøyane igjen ført til protestar frå Argentina.Steffansen, A., Falklandsøyene - et åpent sår for Argentina, NRK.no, 12/2-21012.
Verdt å sjå Stanley Louis-hamna Volunteer Beach West Falkland
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Britiske oversjøiske territorium Kategori:Øyar i Sør-Amerika Kategori:Øygrupper i Atlanterhavet Kategori:Omstridde øyar