Dronning Maud Land, uoffisielt òg skrive Dronning Mauds land, er eit kring 2,7 millionar kvadratkilometer stort område i Antarktis som Noreg gjer krav på som biland. Området ligg mellom 20° vest og 45° aust, mellom Britisk Antarktis i vest og Australsk Antarktis i aust. Grensene i nord og sør er ikkje offisielt fastsett. Området ligg i Aust-Antarktis, og utgjer om lag ein sjettedel av heile Antarktis. Området er kalla opp etter dronning Maud (1869–1938), kona til kong Haakon VII av Noreg.

Norske Hjalmar Riiser-Larsen var den første personen som steig i land i området i 1930. Den 14. januar 1939 gjorde Noreg krav på området. Frå 1939 til 1945 gjorde Tyskland krav på Neuschwabenland, som utgjorde ein del av Dronning Maud Land. Den 23. juni 1961 vart Dronning Maud Land ein del av Antarktistraktaten, og det vart ei demilitarisert sone. Det er eit av to norske kravområde i Antarktis. Det andre er Peter I Øy. Dei vert administrert av Polaravdelingen i Justisdepartementet i Oslo.

Det meste av territoriet er dekt av Den antarktiske innlandsisen, og ein høg isvegg strekkjer seg langs kysten. I somme området bryt fjellkjeder gjennom isdekket og her kan ein finne hekkande fugl og noko plantevekst. Regionen er delt inn i Kronprinsesse Märtha Kyst, Prinsesse Astrid Kyst, Prinsesse Ragnhild Kyst, Prins Harald Kyst og Kronprins Olav Kyst. Farvatnet utanfor kysten vert kalla Kong Haakon 7 Hav.

Det er ingen permanente busetnader i Dronning Maud Land, men det finst tolv aktive forskingsstasjonar her med opp mot 40 forskarar i alt. Talet på forskarar varierer gjennom året. Seks av stasjonane er i drift året rundt, medan dei andre berre er i bruk om sommaren. Det går flysamband til Troll flyplass frå Cape Town i Sør-Afrika og frå den russiske Novolazarevskaja-stasjonen. Flyplassen ligg nær den norske forskingsstasjonen Troll.

Geografi +Regionar og grenser Region Vestleg grenseMills, 2003, s. 130 og 172. Austleg grense Kronprinsesse Märtha Kyst 20°00'W 05°00'E Prinsesse Astrid Kyst 05°00'E 20°00'E Prinsesse Ragnhild Kyst 20°00'E 34°00'E Prins Harald Kyst 34°00'E 40°00'E Kronprins Olav Kyst 40°00'E 44°38'E Dronning Maud Land 20°00'W 44°38'E Dronning Maud Land strekkjer seg frå grensa med Coats Land i vest til grensa med Enderby Land i aust og er delt inn i Kronprinsesse Märtha Kyst, Prinsesse Astrid Kyst, Prinsesse Ragnhild Kyst, Prins Harald Kyst og Kronprins Olav Kyst. Territoriet er estimert til å dekkje kring 2 700 000 kvadratkilometer. Grensa i sør og i havet i nord er ikkje offisielt fastsett. Havområdet som strekkjer seg langs kysten av Dronning Maud Land vert generelt kalla Kong Haakon 7 Hav.Stonehouse, s. 155–156. mini|venstre|Kanten av Ekström isbrem, ein del av isdekket i Dronning Maud Land. mini|Drygalskifjella, ein del av Orvinfjella|right

Det er ikkje isfritt land ved kysten, og langs så godt som heile kyststrekninga går ein 20-30 meter høg vegg av is. Det er derfor berre mogeleg å gå i land frå skip nokre få stader. Kring 150–200 km frå kysten skjer høge fjelltoppar seg gjennom isdekket, som her ligg 2000 meter over havet. Det høgaste punktet er Jøkulkyrkja (3148 moh.) i Mühlig-Hofmannfjella. Dei andre store fjellkjedene er Heimefrontfjella, Orvinfjella, Wohlthatmassivet og Sør-Rondane.

Geologisk er grunnfjellet i Dronning Maud Land dominert av prekambrisk gneis, danna kring 1-1,2 mrd. år sidan, før superkontinentet Gondwana vart skapt. Fjella består for det meste av krystallinsk bergartar og granittar, danna for 500-600 millionar år sidan i den panafrikanske orogenesen då Gondwana vart skapt. Lengst vest i territoriet finn ein yngre sedimentære og vulkanske bergartar. Forsking på istjukkleiken har synt at uten isen, ville kysten ha likna kysten av Noreg og Grønland, med djupe fjordar og øyar.

Historie

Tidleg aktivitet Dronning Maud Land var den første delen av Antarktis som vart oppdaga, den 27. januar 1820 av Fabian von Bellingshausen. Det var derimot av dei siste områda som vart utforska, sidan det måtte luftfartøy til, i kombinasjon med skip, for å gjere ei systematisk utforsking.Mills, 2003, s. 540. Tidleg norsk utforsking av Antarktis var nesten i hovudsak i samband med kvalfangst og selfangstekspedisjonar betalt av skipseigarar, særleg Christen Christensen og sonen hans Lars. Dei første to norske ekspedisjonane vart utførte av selfangarskip i 1892–93 og 1893–94. Sjølv om dei hovudsakleg vart sende her for utforsking, selfangst og mogeleg kvalfangst, utførte dei òg vitskaplege undersøkingar.Heldal, 2011, s. 10. Fleire norske ekspedisjonar vart utførte dei første tiåra av 1900-talet.

Roald Amundsen gjorde krav på Det antarktiske platået for Noreg som Kong Haakon VII Platå då ekspedisjonen hans vart den første til å nå Sørpolen den 14. desember 1911. Det vart kartlagt som eit sirkelforma område som utgjorde platået kring Sørpolen, inkludert alt land sør for 85 °S. Britane gjorde derimot krav på omtrent det same området som King Edward VII Plateau, og dei godtok ikkje det norske kravet. Kravet til Amundsen vart aldri gjort offisielt av Noreg.Joyner, 1992, s. 47.

mini|venstre|Hjalmar Riiser-Larsen, flygar og polfarar som utforska mykje av Dronning Maud Land. Namnet Dronning Maud Land vart først nytta i januar 1930 om landområdet mellom 37 °E og 49°30'E oppdaga av Hjalmar Riiser-Larsen og Finn Lützow-Holm under «Norvegia»-ekspedisjonen til Lars Christensen i 1929–30. Det vart kalla opp etter den norske dronninga på denne tida, Maud. Territoriet vart vidare utforska under «Norvegia»-ekspedisjonen i 1930–31. I løpet av denne kvalfangstsesongen arbeidde i alt 265 kvalfangstskip, hovudsakleg norske, utanfor kysten av Dronning Maud Land.Rubin, 2008, s. 304. I same sesongen oppdaga Riiser-Larsen Kronprins Olav Kyst, Kronprinsesse Märtha Kyst og Prinsesse Ragnhild Kyst frå lufta. Kaptein H. Halvorsen på kvalskipet «Sevilla» oppdaga samstundes Prinsesse Astrid Kyst. Seks år seinare, under ekspedisjonen til Christensen i 1936–37, flydde Viggo Widerøe over og oppdaga Prins Harald Kyst. Forhandlingar med britane i 1938 gjorde at den vestlege grensa til Dronning Maud Land vart sett til 20 °W.

Det norske kravet vart ikkje godteke av Tyskland, som i 1938 utførte ein tysk ekspedisjon til Antarktis, leia av Alfred Ritscher, for å fly over så mykje av Antarktis som mogeleg. Skipet «Schwabenland» nådde pakkisen utanfor Antarktis den 19. januar 1939.Murphy, 2002, s. 192. Under denne ekspedisjonen vart eit område på 350 000 kvadratkilometer fotografert frå lufta av Ritscher,Murphy, 2002, s. 204. som droppa piler innprenta med hakekrossar kvar 26. km. Tyskland la etter kvart fram krav om territoriet utforska av Ritscher under namnet Neuschwabenland, men mista alle krav på landområdet etter nederlaget i andre verdskrigen.

Den 14. januar 1939, fem dagar før tyskarane nådde fram, vart Dronning Maud Land annektert av Noreg, etter ein kongeleg resolusjon vart annonsert, der landområda som grensa til Falkland Islands Dependencies i vest og Australian Antarctic Dependency i aust skulle førast inn under norsk statsvelde. Hovudgrunnlaget for annekteringa var dei norske ekspedisjonane og vart gjort for å sikre at den norske kvalfangstindustrien hadde tilgang til området. Vitskaplege operasjonar var òg eit grunnlag, med norske bidrag til internasjonal polarforsking sidan attende til slutten av 1800-talet. Noreg måtte i tillegg til å kjempe mot konkurrerande krav frå Storbritannia og andre land i åra før det norske kravet no kjempe mot den nye tyske trugselen om kravområde i Dronning Maud Land. Det norske kravet vert stundom kalla «Bouvetsektoren», etter den tidlegare annekterte Bouvetøya. I 1946–47 vart store område av Dronning Maud Land fotograferte under ekspedisjonen til Richard Evelyn Byrd. I 1948 vart Noreg og Storbritannia samde om grensa til Dronning Maud Land frå 20°W til 45°E, og at Bruce Coast og Coats Land skulle innlemmast i det norske territoriet.

Seinare utvikling Den norsk-britisk-svenske antarktisekspedisjonen 1949–52 var den første internasjonale vitskaplege ekspedisjonen i Antarktis. Ekspedisjonen oppretta vinterleir ved ein base kalla Maudheim ved 71°S, 11°W, og kartla mykje av det vestlege Dronning Maud Land. I løpet av Det internasjonale geofysiske året i 1957–58, vart det oppretta permanente stasjonar i Dronning Maud Land av Noreg, Sovjetunionen, Belgia og Japan. Den norske ekspedisjonen heldt fram med topografisk kartlegging, medan dei andre starta geofysiske og geologiske undersøkingar. Noreg sin Norway Station vart lånt ut til Sør-Afrika etter at den norske ekspedisjonen trekte seg attende i 1960. Sør-Afrika bygde seinare stasjonen SANAE, nær den no nedlagde Norway Station. Sovjetunionen, og sidan Russland, har drive kontinuerlege operasjonar, men har flytta frå Lazarev-stasjonen til Novolazarevskaja-stasjonen. Japan har hatt base i Showa-stasjonen sidan 1957, utanom ein pause på nokre få år. Belgia la ned stasjonen sin Roi Baudouin i 1961, men var med på nokre mindre operasjonar i lag med Nederland i 1964–66. USA oppretta den kortvarige Plateau-stasjonen i 1966. mini|Den norske forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land

I 1948 fekk Norsk Polarinstitutt, som då var nyoppretta, tildelt administrasjonen av dei norske områda i Arktis og Antarktis, inkludert Dronning Maud Land.Heldal, 2011, s. 11. Noreg sende to store ekspedisjonar til territoria i 1940- og 1950-åra, men har gjort mindre etter det. 21. juni 1957 vart Dronning Maud Land underlagt norsk statsvelde som eit biland, og Antarktistraktaten tredde offisielt i kraft den 23. juni 1961. I 1960-åra vart det berre utført nokre mindre norske ekspedisjonar i samarbeid med USA, men det vart gradvis meir aktivitet og ein større ekspedisjon til det vestlege Dronning Maud Land og det austlege Weddellhavet vart utført av Norsk Polarinstitutt i 1976–77.

Polaravdelingen til Justisdepartementet vart skipa i 1978, med hovudkvarter i Oslo, og tok over administrasjonen av dei norske polarområda, inkludert Dronning Maud Land. Sidan 1979 har Norsk Polarinstitutt vore eit direktorat under Miljøverndepartementet.

I 1992 utførte Ivar Tollefsen ein ekspedisjon, der han vart den første til å klatre fleire fjell, inkludert det høgaste, Jøkulkyrkja. Noreg oppretta sommarstasjonen Troll i 1989–90. I 2003 vart miljøvernsministeren Børge Brende den første norske ministeren som vitja Dronning Maud Land, og han gav like etter midlar til å utvide Troll-stasjonen. Troll vart utbetra i 2005 for å vere open året rundt som eit ledd i 100-årsjubileet for sjølvstende til Noreg. Av gjestene var utanriksminister Jan Petersen og miljøvernsminister Knut Arild Hareide, og Troll vart offisielt opna av dronning Sonja av Noreg, den første dronninga som nokon gong vitja Antarktis.Rubin, 2008, s. 305. I 2008 vitja statsminister Jens Stoltenberg, i lag med 40 embetsmenn, vitskapsfolk og journalistar Dronning Maud Land som den første norske statsministeren. Han gav personleg namn til tre fjell kring Troll-stasjonen, der han var basert, men valde å overnatte utandørs i telt, i staden for ei seng innandørs. Han sa at føremålet med besøket var å gjere krav på dei norske områda i Antarktis, og å lære meir om klimaforskinga på Troll, som han sa var nøkkelen til å betre forstå globale klimaendringar.

Rettsleg status mini|Plasseringa til Noreg (i kvitt) og Dronning Maud Land (raudstripa). Som med alle kravområde i Antarktis er det norske kravet på Dronning Maud Land (og Peter I Øy) underlagt Antarktistraktaten. Traktaten gjer det klart at Antarktis berre kan nyttast til fredelege føremål, og sikrar fridom til vitskaplege undersøkingar. Han fremjer internasjonal vitskapleg samarbeid og forbyr kjernefysisk aktivitet. Sjølv om territorialkrava ikkje er gjort ugyldig i traktaten, vert alle krav effektivt sett på vent så lenge traktaten er i kraft. Noreg, Australia, Frankrike, New Zealand og Storbritannia har alle anerkjernt dei andre sine kravområde i Antarktis.