Vågå kyrkje er ei krosskyrkje frå 1600-talet som står på Vågåmo i Vågå kommune i Gudbrandsdalen. Kyrkja blei bygd i 1625–1631, men det er brukt mykje materiale frå ei tidlegare stavkyrkje på same stad. Dei gamle delane meiner ein er frå tidleg på 1100-talet.
Preikestolen i kyrkja er særskilt fargerik.
Kjelder Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Vågå kyrkje», s. 610
Bakgrunnsstoff
Om Vågå sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Oppland» på nettstaden til Arkivverket Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen Eldre fotografi av Vågå kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
Kategori:Freda bygg i Innlandet Kategori:Kyrkjer i Vågå Kategori:Norske kyrkjer frå 1620-åra Kategori:Kyrkjer i Nord-Gudbrandsdal prosti Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Kulturminne i Vågå Kategori:Byggverk i Vågå