Tammerfors (svensk), finsk Tampere, er ein by i Finland. Med 204 385 innbyggjarar (2006) er han den nest største byen i Finland og den største innlandsbyen i Norden. Tammerfors ligg mellom innsjøane Näsijärvi og Pyhäjärvi.
Historie mini|venstre|Industribygg ved elva Tammerkoski i Tammerfors. Byen blei grunnlagd av Gustav III av Sverige den 1. oktober 1779 ved fossefalla mellom sjøane Näsijärvi og Pyhäjärvi, der det blei bygd ei demning. Namnet på byen kjem frå dette, fors (foss) og damber (demning). Den lokale vasskrafta førte til rask utvikling av industri i området, og vidare ein eksplosiv folketalsauke. I laupet av dei tretti åra frå 1820 til 1850 voks innbyggjartalet frå rundt tusen til tre tusen.
Kjende folk frå Tammerfors Minna Canth (1844-1897), forfattar Viljo Kajava (1909-1998), lyrikar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tammerfors» frå , den 22. juni 2006.
Bakgrunnsstoff Tampere by Svenska Samskolan i Tammerfors Tammerfors universitet
Kategori:Byar i Finland