Nettet (frå latin Reticulum) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Stjernebiletet er mest synleg mellom oktober og desember, men er ikkje synleg på midlare og høgare breiddegrader på den nordlege halvkula.
Kjende objekt
Berre to stjerner i dette stjernebiletet er meir lyssterke enn tilsynelatande storleiksklasse 5: Alfa (α) og Beta (β) Reticuli. Den raudaktige stjerna R Reticuli er ein Mira-variabel. Denne variable vart oppdaga av C. Ragoonatha Chary ved Madras-observatoriet i India.
Dobbeltstjerna Epsilon Reticuli består av ei stjerne med spektralklasse K2IV som har ein kvit dverg i bane. Basert på parallaksemålingar ligg desse kring 50 lysår frå sola. I 2000 vart det oppdaga ein planet rundt stjerna ε Reticuli A.
Zeta Reticuli er ei vid dobbeltstjerne, der begge medlemmane liknar på sola. Dei ligg kring 39 lysår unna.
I 2005 vart det oppdaga ein type 1a supernova i spiralgalaksen NGC 1559, som ligg i Nettet.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Reticulum» frå , den 2. juli 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Fotografisk guide til stjernebiletet Nettet Starry Night Photography: Nettet Star Tales – Nettet Nettet på Constellation Guide
Kategori:Stjernebilete Kategori:Sørlege stjernebilete