Bilethoggaren eller [Bildehoggaren] (frå latin Sculptor), er eit lite og lyssvakt stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det vart innført av Nicolas Louis de Lacaille på 1700-talet. Opphavleg heitte det Apparatus Sculptoris (bilethoggarstudioet), men namnet vart seinare forkorta.

Bilethoggaren er eit lite stjernebilete som grensar til Vassmannen og Kvalfisken i nord, Smelteomnen i aust, Føniks i sør, Trana i sørvest og Den sørlege fisken i vest. Den lyssterke stjerna Fomalhaut ligg i nærleiken.

Kjende objekt mini|venstre|Illustrasjon av ein spiral kring den raude kjempestjerna R Sculptoris.

Det er ingen stjerner lysare enn 3. storleiksorden i Bilethoggaren. Dette kjem av at den galaktiske sørpolen, der stjernetettleiken er særs låg, ligg i stjernebiletet.

Den mest lyssterke stjerna er Alfa Sculptoris, ei SX Arietis-type variabel stjerne med ein spektralklasse B7IIIp og ein tilsynelatande storleiksklasse på 4,3. R Sculptoris er ei raud kjempe omringa av ein spiral med stoff som truleg vart kasta ut for kring 1800 år sidan.

Stjernebiletet inneheld òg Bilethoggaren dverggalakse, ein dverggalakse som høyrer til Den lokale gruppa, i tillegg til Bilethoggargruppa, den gruppa av galaksar som ligg nærast Den lokale gruppa. Bilethoggargalaksen (NGC 253), ein stavspiralgalakse og den største i gruppa, ligg nær grensa mellom Bilethoggaren og Kvalfisken. Eit anna medlem i gruppa er den irregulære galaksen NGC 55.

Ein unik galakse i Bilethoggaren er Kjerrehjulgalaksen, som ligg 500 millionar lysår unna. Galaksen er eit resultat av ei samanslåing for kring 300 millionar år sidan. Kjerrehjulgalaksen har ein kjerne av eldre, gule stjerner og ein ytre ring av yngre, blå stjerner, med ein diameter på 100 000 lysår. Den mindre galaksen i kollisjonen er no ein del av kjernen, etter å ha flytta seg frå ein distanse på 250 000 lysår. Sjokkbølgja frå kollisjonen førte til omfattande stjernedanning i den ytre ringen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sculptor (constellation)» frå , den 20. august 2015. oppgav desse kjeldene: Ian Ridpath and Wil Tirion (2007). Stars and Planets Guide, Collins, London. ISBN 978-0-00-725120-9. Princeton University Press, Princeton. ISBN 978-0-691-13556-4.

Bakgrunnsstoff

Star Tales – Sculptor Bilethoggaren på Constellation Guide

Kategori:Stjernebilete Kategori:Sørlege stjernebilete