Waterboat Point (spansk Península Munita)SCAR Composite Gazetteer. Waterboat Point er det vestlegaste punktet på halvøya mellom Paradise Harbor og Andvord Bay på vestkysten av Graham Land. Neset har vorte skildra som ei øy, og vert ved høg flo skilt frå fastlandet, medan det elles er eit nes. Kysten i nærleiken vart først grovt kartlagd av Belgica-ekspedisjonen i 1898. Dette neset vart kartlagt og gjeve namnet sitt av T.W. Bagshawe og M.C. Lester, som budde der i ein båt frå januar 1921 til januar 1922.
Den chilenske González Videla-basen ligg ved Waterboat Point. Waterboat Point med restane av overvintringshytta frå 1921 er oppført på Antarktistraktaten si liste over historiske stader og kulturminne i Antarktis.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Waterboat Point» frå , den 16. desember 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Nes i Graham Land Kategori:Danco Coast