Werenskiold Bastion er eit bratt klippenes som stig opp til over 1000 meter over havet og dannar kystlinja mellom Demorestbreen og Matthesbreen på austkysten av Graham Land. Neset vart observert og fotografert av fleire amerikanske ekspedisjonar: U.S. Antarctic Service (USAS), 1939–41; Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) 1947-48; U.S. Navy i 1968. Det vart kartlagt av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS), 1947-48. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Werner Werenskiold (1883–1961), ein norsk geograf som arbeidde med teorien om brestraumar.

Kjelder

Kategori:Nes i Graham Land Kategori:Bowman Coast Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter nordmenn