Stortingsvalet 1949 var det andre stortingsvalet i Noreg etter andre verdskrigen, 10. oktober 1949. Valet var ein stor siger for Arbeidarpartiet, og Einar Gerhardsen si andre regjering heldt fram. Arbeidarpartiet fekk fleirtal åleine i Stortinget.

Dette var det siste valet med gamal valordning, der valkrinsane var delt opp i landkrinsar og bykrinsar. Det var òg det siste valet med gamal utrekningsmetode for mandat. Denne metoden favoriserte store parti sterkt. Ved dette valet fekk til dømes Arbeidarpartiet 56,7 % av stortingsmandata med 45,6 % av røystene, medan Norges Kommunistiske Parti sat att utan stortingsmandat sjølv om dei fekk 5,9 % av røystene. Endå ei endring ved dette valet var at det ikkje lenger var høve til å inngå listesamband. Istadenfor vart det difor i mange valkrinsar sett opp felleslister mellom to eller fleire borgarlege parti.

Samfunnspartiet, som hadde vore representert på Stortinget før krigen men ikkje stilte til val i 1945, stilte igjen til val denne gongen. Dei fekk ikkje stor oppslutning og stilte aldri til val igjen.

Resultat PartiDel av røystene (%)Endring i høve til 1945MandatEndring i høve til 1945Arbeidarpartiet 45,6+ 4,585+ 9Høgre 16,0- 1,123- 2Venstre12,5- 1,321+ 1Kristeleg Folkeparti 8,4+ 0,59+ 1Norges Kommunistiske Parti 5,9- 6,00- 11Bondepartiet 4,9- 3,212+ 2Samfunnspartiet0,7+ 0,700Borgarlege felleslister6,2+ 6,20¹0Total10001500 ¹ Mandata på borgarlege felleslister fordelt på dei einskilde partia.

Dei borgarlege felleslistene var: Bondepartiet og Høgre i Vest-Agder, Rogaland og Telemark Bondepartiet og Venstre i Buskerud og Vestfold Bondepartiet, Høgre og Venstre i Hedmark og Østfold Kristeleg Folkeparti og Venstre i byane i Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag

Dersom ein fordeler røystene til felleslister på dei einskilde partia, basert på valet i 1945, får ein desse resultata (frå Hvem Hva Hvor 1950):

Parti Prosent røyster Endring i høve til 1945Høgre 17,9 + 0,9Venstre 13,5 - 0,3Kristeleg Folkeparti 8,5 + 0,6Bondepartiet 7,9 - 0,2

Kjelder Statistisk Sentralbyrå Stortingsforhandlinger 1950 (Oslo, 1951) Hvem Hva Hvor 1950 (Oslo, 1949)

1949 Kategori:Val i 1949 Kategori:Hendingar i 1949 Kategori:1949 i Noreg