mini|Interjeksjonar blir mykje brukt i teikneseriar og vitseteikningar. Interjeksjon (frå latin inter, 'mellom' og iacere, kasta), utropsord eller ropeord er ei ordklasse som består av ord som står heilt utanfor syntaksen, det vil seie utanfor setningsbygninga. Vi kan seie at interjeksjonane ikkje står i ei setning, men i staden for ei setning. Interjeksjonar blir heller ikkje bøygde. Fordi dei fyller same plassen som ei setning blir dei i skrift gjerne skilde ut med utropsteikn, punktum eller komma. Dei kan innehalda lydsamband som ein ikkje finn elles i språket (t.d. «ptroh!»).
Interjeksjonar kan brukast for å påkalla merksemd, helsa eller uttrykka sterke kjensler, som ved banning.
Døme på interjeksjonar
I og med at interjeksjonar er utropsord er den lydhermande karakteren deira ofte vel så viktig som eit fastsett meiningsinnhald. Ei liste over interjeksjonar kan dermed aldri bli uttømmande.
Sjå og Fyllord (pragmatisk partikkel, diskursmarkør, samtalepartikel)
Kjelder Ann Helen Lea, «Lånord i norsk talespråk», Språknytt 2/2010 Engelske importord i norsk «Interjeksjon: grammatikk» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Gundersen, Dag. «banning» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Søk i Nynorskordboka
Delar av denne artikkelen bygger på «Interjeksjon» frå , den 10. august 2010.
Kategori:Ordklassar