Carl von Linné (), før adlinga i 1757 Carl Linnæus, Carolus Linnæus, var ein svensk botanikar, lækjar og zoolog som la grunnlaget for den moderne nomenklaturen i biologien og den moderne systematikken som grupperer vekstar og dyr. Han vert også rekna som opphavsmannen til den moderne økologien.

Biografi mini|Carl von Linné sin heim i Uppsala. mini|Carl von Linné sin hage i Uppsala. Carl Linnaeus var fødd i kapellangarden Råshult i Stenbrohults sokn i Kronobergs län i Småland. Linné var eldste son til kapellanen, seinare kyrkoherden, Nicolaus (Nils) Ingemarsson Linnæus (1674-1748) og Christina Brodersonia (1688-1733). Faren tok slektsnamnet etter eit stort lindetre; to av onklane hans på morssida hadde tatt slektsnamnet Tiliander (lat. tilia, 'lind').

Sommaren 1709 flytta familien til Stenbrohults prestgård der Carl von Linné sin kjærleik til naturen vakna. Faren delte denne kjærleiken og var svært botanisk interessert. Dei var begge opptekne av familien sin hage, som var mellom dei fremste i Småland. Faren kunne vere utolmodig, men så «töstnade han strakst, så snart man gav honom en blomma i handen». Carl sa om hagen, som inneheldt mengder av utanlandske vekstar, at han «med modersmjölken inflammerat min håg med outsinlig kärlek till örterna».

Som far og morfar sin, kyrkoherden i Stenbrohult, Samuel Brodersonius, var det tenkt at Carl von Linné skulle verte prest, men han viste ikkje noka større interesse for dette. Interessa hans for botanikk imponerte ein lækjar i byen Växjö, som låg i nærleiken, og han vart i august 1727 send til Lund for universitetsstudium og fekk då Kilian Stobæus som sin mesen og lærar.

Etter eit år flytta han til Uppsala der han fekk rettleiing av Olof Celsius d.e. og Olof Rudbeck d.y. og vart god ven med iktyologen Peter Artedi. Linné vart sagt å vere ein sosial person som det var lett å omgåast.

I 1741 vart Linné utnemnd til medisinprofessor ved Uppsala universitet. Han var rektor for universitetet vårterminen 1750, og haustterminane 1759 og 1772. Dessutan var han inspektør ved Smålands nation. Växjö Stifts Hembygdskalender 1964. (B Andersson, O Thulin, A Nyström: Årgång 55.)

Han gifta seg i 1739 med Sara Elisabeth Moræa frå Falun. I Sveden utanfor Falun finn ein Linnés bröllopsstuga der bryllaupet fann stad, i dag eit svensk kulturminne.

Linné døydde 10. januar 1778 i Uppsala i Uppsala län (Uppland) og er gravlagd i Uppsala domkyrkje. Paret fekk sju barn, mellom andre Carl von Linné d.y.

Forsking Ingen enkeltperson har sett større preg på den biologiske systematikken enn Linné. Spesielt verdfullt var det at han rakk å klassifisere samtlege organismar som var kjente på hans tid. Dei systematiske reglane som Linné fann opp, var ikkje dei einaste tenkelege, og heller ikkje nødvendigvis dei beste. Men Linné hadde med den utrøyttelege arbeidsinnsatsen sin skildra alle artar etter eitt gjennomført regelsett. Dette har ingen klart verken før eller seinare. Difor vart det avgjort at arbeida til Linné skulle danne startpunktet for det internasjonale systematiske regelverket som —med nokre tilpassingar — framleis er i bruk. Linné si bok Species plantarum (1753) blei utropt til den fyrste publikasjonen med artsskildringar etter reglane, medan den tiande utgåva av Systema naturae (1758) blei den fyrste publikasjonen med godkjende skildringar av dyr.

mini|Skissering av seksualsystemet utvikla av Linné, teikna av Georg Dionysius Ehret i 1736. mini|Statue i Royal Academy of Art i Piccadilly i London Linné innførte fem kategoriar: Arten, slekta, ordenen, klassen og riket. Seinare har ein tilført fleire kategoriar (som «familie» mellom slekt og orden, eller «rekkje» mellom klasse og rike). Dette systemet var nyttig for å systematisere organismar, det vil seie «putte dei i bås». Det bygde likevel på ein før-evolusjonær tenkjemåte, nemleg overtydinga om at klassifiseringa til sjuande og sist måtte vere vilkårleg. Sidan utgjevinga av Darwin si bok The Origin of Species (Artenes opprinnelse) i 1859 veit ein derimot at artar er i slekt med kvarandre. I dag er ein derfor einig om at eit system bør gje att det evolusjonære slektskapet artane i mellom. Kategoriar er likevel svært dårleg eigna til dette formålet, og vert difor brukt i stadig mindre grad av systematikarar. Det vert også jobba med utkast til regelverk som ikkje brukar kategoriar.

Spesielt var Linné sin plantesystematikk (seksualsystemet) kunstig, sidan det var basert på nokre veldig få, utvalde eigenskapar. Det er derfor gått heilt ut av bruk i dag. Dyresystematikken til Linné inneheld derimot fleire grupperingar som er samanfallende med slektskapsgruppene som brukast i dag. I ein annan samanheng er også delar av seksualsystemet enno i bruk, nemleg i fastsetjingsnøklar. Her er dei enkle kriteria til Linné framleis svært nyttige.

Ved sidan av systematikk låg det viktigaste bidraget til Linné i botanikken. Nesten alle botaniske fagomgrep går tilbake på Linné. Vidare var Linné ein habil geolog, og han får også æra for å ha innført celsiusskalaen.

Den taksonomiske filosofien til Linné Det var vanleg på Linné si tid (og hadde vore vanleg heilt sidan Platon) å tilordne planter og dyr til slekter og artar. Slekta vart på mange måtar sett på som grunneininga, medan dei ulike artane i slekta vart «variasjonar i slekta». Slekta var altså grupper av arter som hadde ei rekkje likskapstrekk. Dei ulike artane i slekta hadde derimot kvar sine særtrekk som skilte dei frå kvarandre og frå grunntrekka i slekta.

På 1700-talet hadde systematikken opplevd ei oppbløming, som skuldast både den større vitskaplege aktiviteten i opplysningstida, men òg like mykje oppdagingsreisene i kolonitida i dei nye kontinenta. Det vart skildra så mange nye artar at også talet på kjende slekter vart svært uoversiktleg.

På dette punktet kom Linné med to svært viktige nyskapingar. Han innførte kategoriar for å klassifisere artane, og han skilte namna til arten frå diagnosen. Desse to punkta vert handsama i det følgjande etter tur.

Kategoriane til Linné Linné trudde, som var vanleg på den tida, at artane og slektene hadde vore skapt slik dei var av Gud. Å tilordne artane til ei felles slekt, var difor for Linné eit ledd i å avdekke skaparakta til Gud og å vise stordomen hans. For å ta vare på oversikta over artane, innførte Linné likevel større einingar, som han kalla for ordenar og klassar. Alle slekter skulle tilordnast ordenar, og alle ordenar til klassar. På denne måten skulle det vere enklare å hugse på den systematiske tilhøyrigheita til dei enkelte artane.

I motsetnad til artar og slekter såg Linné på ordenar og klassar for å vere høvesvis vilkårlege. Treffande når det gjeld det er utsegna hans om at «artar og slekter er Gud sitt verk, ordenar og klassar er mennesket sitt.»

I tillegg brukte Linné nemninga rike for å skilje mellom plantar og dyr (samt mineral, som Linné klassifiserte ved sidan av organismane). Omgrepa art, slekt, orden, klasse og rike vert i dag regna som taksonomiske kategoriar. Mange av gruppene Linné brukte, hadde lenge vore kjende (til dømes fuglar eller fiskar). Men det var Linné sin idé å lage eit system med faste kategoriar, der kvar art høyrde til nøyaktig éi gruppe av alle dei større kategoriane.

Den binomiale nomenklaturen Før Linné var det i den biologiske systematikken ikkje noko klart skilje mellom namnet på ein art og diagnosen han hadde. Namnet var slekta sitt namn (eit substantiv) etterfylgt av ei heil rekkje adjektiv. Talet på adjektiv varierte, men kunne verte ganske høgt (opptil tolv hjå Linné), sidan skildringa skulle vere tilstrekkeleg for å skilje arten frå dei andre artane i slekta. Fordi vitskapsspråket var latin, var sjølvsagt også artsnamna latinske (eller latiniserte gammalgreske) ord. Dette systemet var svært uoversiktleg. Ikkje berre var namna lange og vanskelege å hugse, dei måtte også endrast jamleg. Dersom ein oppdaga ein ny art som høyrde til ei kjend slekt, kunne det nemleg hende at dei eksisterande artsnamna ikkje lenger var eintydige og måtte oppdaterast og utvidast.

Linné innførte i 1753 den binomiale nomenklaturen for artar, altså artsnamn som inneheld nøyaktig to ledd: eit slektsnamn og eit etterfølgjande epitet (gresk bi, 'to', latin nomen, 'namn'). Eit døme er det toledda namnet Homo sapiens for mennesket. Epitetet (i vårt tilfelle altså sapiens, 'klok') skulle ikkje lenger vere noka full skildring av arten. Det var tilstrekkeleg at namnet var eintydig. Diagnosen var framleis ein viktig del av skildring av ein art, men han vart uavhengig av namnet på arten. Epitetet trengde heller ikkje nødvendigvis å skildre ein eigenskap ved arten, han kunne referere til funnstaden, til leveviset, til ein person eller vere fritt oppfunne.

Klassifikasjonen til Linné Linné klarte å publisere skildringar av samtlege artar som var kjende for vitskapen då han levde. Alt i alt var dette 4 400 dyreartar og 7 700 planteartar. Mange av dei hadde han studert sjølv, enten i live eller i konservert form. Resten hadde han fått skildra av kollegaer i mange land som han brevveksla med. I tillegg til å skildre artane, klassifiserte han dei og gav dei med det ein fast plass i det biologiske systemet. Klassifikasjonen hans er sjølvsagt svært ulik frå den i dag (som byggjer på evolusjonært slektskap). Men i fleire tilfelle brukar ein framleis dei gruppene Linné definerte.

Linné sitt syn på mennesket og menneskerasar Det vakte ein del oppsikt at Linné hadde plassert mennesket i den same ordenen som apar og den same klassen som pattedyr. Dette veik frå den kristne læra på den tida, at mennesket hadde ein unik plass i skapinga. Den lutherske erkebiskopen i Uppsala var mellom dei som skulda Linné for ugudelegheit. Men Linné forsvarte seg med at det fanst så godt som ingen anatomiske skilnader mellom menneske og ape, og at han trass alt hadde plassert mennesket i si eiga slekt, skilt frå apane (som han plasserte i slekta Simia).Brev til Johann Georg Gmelin datert 25.2.1747

Linné hadde vidare delt mennesket (arten Homo sapiens) i seks underartar eller menneskerasar: Ferus, Americanus, Europeaus, Asiaticus, Afer og Monstrosus. Dei var baserte på hudfarge og skilnader som visstnok skulle vere emosjonelle. Innfødde amerikanarar hadde til dømes raudleg hud, var skjegglause og koleriske. Afrikanarar hadde mørk hud, var flegmatiske og late. Asiatar hadde gulbleik hud, var melankolske og griske. Europearar hadde kvit hud, var muskuløse og sangvinske. Linné sitt rasesystem var klart vridd til fordel for europearar og basert på det europeiske synet på andre folkegrupper på den tida. Over tid leia dette rasesystemet til eit rasehierarki der europearane stod øvst. Europeiske kolonimakter brukte dette systemet for å rettferdiggjere erobringane sine eller undertrykkinga av dei «lågareståande» rasane. Særskilt vart rasesystemet brukt for å forsvare slaveriet, spesielt i dei nye koloniane i Amerika.

Reisene til Linné mini|Linné i samiske klede. 1735-1740

Carl von Linné gjorde mange reiser til ulike stader, og tok nøyaktige notat. På den andre sida går forskarane no ut i frå at han ikkje sjølv vitja alle dei stadene han skildrar, men at han har notert kva han høyrde ved samtalar med folk på staden. Nokre av dei kjende dagbøkene hans er desse:

Lappland, 1732 Lapplandsreisa byrja 12. mai 1732 då Linné gav seg i veg einsam ridande mot Lappland for så å komme attende til Uppsala fem månader seinare.

Reiseskildringa, som kom ut først etter Linné sin død, er svært omfattande. I tillegg til observasjonane sine av lapplandsnaturen interesserte Linné seg også for den samiske kulturen og skildra livsvilkåra deira inngåande.