Willi Forrer () er ein sveitsisk, tidlegare skirennar frå Wildhaus i kantonen St. Gallen.

Forrer var spesialist i utfor-øvinga. Han presterte å verte nummer fire i utfor-tevlinga i tre store meisterskap på rad. Både under alpin-VM 1958 i Bad Gastein, vinter-OL 1960 i Squaw Valley og alpin-VM 1962 i Chamonix kom han på fjerdeplassen. Nærast medalje var han i 1958, då han kom i mål fire tidels sekund bak Jean Vuarnet frå Frankrike, mannen som to år seinare vart olympisk meister i øvinga.

Forrer vart sveitsisk meister i utfor tre gongar på rad, 1959, -60 og -62 (øvinga vart avlyst i 1961). Siste året vann han også den alpine kombinasjonen i meisterskapen.

Kjelder OL-biografi 'Liste der Schweizer Meister im Alpinen Skisport' på tysk wikipedia Fjernsynsinnslag om Forrer

Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1960